Waikatoelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Waikatoelva
Waikato River
elv
Waikato river 750px.jpg
Waikatoelva renn gjennom Hamilton.
Lengd 425 km
Munning Port Waikato (Tasmanhavet)
Waikatoelva, Lake Taupo og sideelver.
Waikatoelva, Lake Taupo og sideelver.
Wikimedia Commons: Waikato River
Estuaret til elva.

Waikatoelva er den lengste elvaNew Zealand. Ho ligg på Nordøya og renn i 425 kilometer frå austhellingane til fjellet Mount Ruapehu, går saman med Tongariro-elva og tømmer seg i innsjøen Lake Taupo, som er den største innsjøen på New Zealand. (Somme meiner at elva har utspringet sitt frå Lake Taupo.) Elva renn ut or Lake Taupo i nordaustenden av sjøen, dannar dei kjende fossefalla Huka Falls, og renn så mot nordvest, gjennom slettelandskapet Waikato Plains. Ho tømmer seg i Tasmanhavet sør for Auckland ved Port Waikato. Elva har gjeve namnet til regionen Waikato som ligg omkring Waikato Plains.

Den viktigaste sideelva som renn inn i Waikatoelva er Waipa River, som går saman med Waikato ved Ngaruawahia.

Namnet «Waikato» kjem frå maori og tyder 'rennande vatn'.

Waikatoelva har andeleg betydning for ulike lokale maori-iwiar, mellom desse den store Tainui, som ser på henne som ei kjelde til deira mana eller styrke. Den vidt kjende og respekterte maraen til Turangawaewae ligg nær elvebreidda ved Ngaruawahia.

I mange år har Tainui-stamma freista å attreisa banda sine til elva etter krigane1860-talet (Sjå Invasjonen av Waikato), og dei etterfølgjande konfiskeringane av landområde. Stamma held enno fram med tingingar med styresmaktene på New Zealand om denne saka.

Bruk av elva[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til å vera ein vassressurs og eit rekreasjonsområde, har elva også gjennom lang tid vore ein livsviktig kommunikajsons- og transportveg for samfunna som ligg langs henne. Taupo, Mangakino, Cambridge, Hamilton, Horotiu, Ngaruawahia, Huntly, Hampton Downs, Meremere, Waiuku og Port Waikato ligg alle ved eller nær henne.

Elva hadde militær betydning under maorikrigane (The Land Wars) mellom britiske og māori soldatar kring 1863, og betydelege slag vart utkjempa i dette området, mellom anna ved Rangiriri.

Elektrisk kraftproduksjon[endre | endre wikiteksten]

Den første vasskraftstasjonen vart bygd ved Horahora, som no ligg under Horahora bridge,[1] djupt under overflata til lake Karapiro. Horahora vart bygd for å skaffa elektrisk kraft til Martha-gullgruvene ved Waihi.[2]

Waikatoelva har ein serie på åtte vasskraftstasjonar som produserer elektrisk kraft til det nasjonale kraftnettet. Mellom 1929 og 1971 vart åtte demningar og ni kraftstasjonar bygde for å møta den aukande etterspurnaden etter elektrisk energi.

Kraftutvinninga startar ved Lake Taupo, der det er kontrollportar som regulerer vassmengdene som går inn i elva. Etter at vatnet er slept ut gjennom portane, tek det nesten 18 timar før det renn ut i Tasmanhavet. På vegen nedover passerer det gjennom kraftstasjonar i Aratiatia, Ohakuri, Atiamuri, Whakamaru, Maraetai,Waipapa, Arapuni og Karapiro.

Om lag 4000 gigawattimar (GWh) elektrisk kraft vert produsert av anlegga her årleg, dette tilsvarar 13 % av den totale produksjonen av elektrisitet på New Zealand.

Elva avgir også kjølevatn til dei kol- og gassfyrte varmekraftverka ved Huntly.

Rekreasjon[endre | endre wikiteksten]

Waikatoelva er velkjend blant kajakkentusiastar som driv whitewatersport, særleg gjeld dette fossestryka Full James rapid som ligg nord for Taupo. Verdsmeisterskapen i whitewaterkajakk i 1999 vart skipa til i Full James, likeeins prøve-VM året før.

Miljøinteresser[endre | endre wikiteksten]

Elva er i heile si lengde administrert av regionstyret i regionen Waikato, som har senter i Hamilton. For tida (2008) dreier fleire større aktuelle problem seg kring denne elva:

  • Seinare kontroversar har gått på at det vert pumpa vatn frå eit punkt nær utløpet til elva og nordover til Auckland. Vatnet vert rensa og bidreg til ein del av hushaldsvatnet til byen.
  • Eit anna problem er tilmudring med lause jordmassar frå eroderte elvebreidder i det som tidlegare har vore seglbart farvatn i elva.
  • Utilstrekkeleg reinsa menneskeleg avfall vert pumpa ut i elva nedstraums frå fleire busetnader, inkludert Hamilton.
  • Eit ankepunkt er òg usikra avfall frå tidlegare oppretta fyllingar og industri på elvebreiddene.

Dette inkluderer ein uskjerma avfalssplass nær Horotiu, rett nedstraums frå Hamilton, der avrenninga inneheld dieldrin (eit insektmiddel) i mengder som er giftige for livet i ferskvatn. Iwiar ved nordenden av elva har teke juridiske åtgjerder for å stoppa den framtidige drifta av denne avfallsplassen, og hevdar at dei har funne mykje død og skada fisk nær deira område.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.siliconlakes.co.nz/horahora/photos/photo_5.html
  2. New Zealand Historical Atlas - McKinnon, Malcolm (Editor); David Bateman, 1997, Plate 88

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Waikatoelva