Rekreasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein tur i skogen er god rekreasjon for dei fleste.

Rekreasjon (frå latin recreare, å gje nytt liv) er eit omgrep som dekkjer dei tilstandane som gjer at eit menneske kjem seg til krefter i det daglege ved å frigjere seg frå dei daglege gjeremåla. Det kan vere rekreasjon i å til dømes byte miljø for ei tid ved å reise på hytta, på eit hotell, på ferie i eige eller andre land, gå tur i skog og fjell, drive idrett, ein hobby eller sysselsetje seg med noko som pensar tankane vekk frå dei daglege tema, eller berre å kvile eller take det med ro i si eiga stove.

Rekreasjon i ein eller anna form kan vere turvande etter ein sjukdom eller ei opprivande oppleving, eller etter ein periode med særs hardt arbeid. Dersom det vert naudsynt med særskild opptrening eller andre tiltak for å kunne kome attende i yrkeslivet etter ein sjukdom eller skade, vert det tale om målretta rehabilitering, ikkje berre rekreasjon.


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]