Wallacea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wallacea omfattar øyene innanfor det raude området. Weberlinja (eit alternativ til wallacelinja lenger vest og lydekkerlinja lenger aust) i blått.

Wallacea er ei biogeografisk nemning for ei gruppe hovdusakleg indonesiske øyer som er skilde frå dei asiatiske og australske kontinenta gjennom djupe sund. Området omfattar eit landareal på kring 000000000347000.0000000000347 000 km² med større øyer som Sulawesi, Lombok, Sumbawa, Flores, Sumba, Timor, Halmahera, Buru og Seram, i tillegg til mange mindre øyer.

Området har namn etter den britiske oppdagelsesreisande naturforskaren Alfred Russel Wallace (1823–1913), som også er kjend for å ha definert den faunaregionale skillelinja kalla wallacelinja.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kontinentalsoklane Sahul og Sunda, med Wallacea imellom.

Wallacea er avgrensa av wallacelinja i vest og av lydekkerlinja i aust. Filippinane blir som regel rekna som ein eigen region.[1] Øyene i Sundaland vest for linja, som Sumatra, Java, Bali og Borneo, har ein pattedyrfauna som likner på den i Fastlands-Asia, med tigrar, nashorn og menneskeapar, medan dei frå Lombok og austover hovudsakleg har pungdyr og fuglar som likner på dei i Australasia. Sulawesi har teikn på begge.[2]

Medan landlevande dyr kunne kryssa over til Sundaland frå fastlandet og frå øy til øy under istider då havnivået var lågare,[3] kunne dei ikkje lett kryssa ope hav til Wallacea. Øyene i denne økoregionen har derfor få landpattedyr, landfuglar og ferskvassfiskar med asiatisk opphav. På liknande vis hadde Australia og Ny-Guinea i aust ein grunn kontinentalsokkel som laga eit geografisk samband mellom dei, ein region forskarar mellom anna har kalla Australia-Ny-Guinea, Meganesia, Papualand og Sahul. Dette området har mange pungdyr, landlevande og ferkvassfiskar ein ikkje finn i Wallacea.[4] Fuglar, reptil og insekt hadde lettare for å kryssa sunda, og Wallacea har mange artar av denne typen av både asiatisk og australsk opphav.

Linja som skil Wallacea frå Australia–Ny-Guinea blir kalla lydekkerlinja. Weberlinja er ei midtlinje mellom dei asiatiske og australske flora- og faunaområda, og følgjer dei djupaste sunda i det indonesiske øyriket.


Plantane i Wallacea er hovudsakleg av asiatisk opphav, og botanikarar tek med Sundaland, Wallacea og Ny-Guinea i floraprovinsen Malaya, ein del av Malesia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]