Walter Tjønndal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Walter Kåre Tjønndal (22. januar 192323. mars 2014) var ein norsk agronom og politikar frå Borge i Lofoten. Han representerte Nordland og ArbeidarpartietStortinget i tida 1969-73.

Tjønndal var son til ein småbrukar. Under andre verdskrigen stakk han over til Sverige, der han i 1943/44 gjekk ein norsk jordbruksskule. Hausten 1944 tok han seg over England og gjorde teneste i Kystartilleriet til mai 1945.

Skuleåret 1958/49 gjekk Tjønndal Staup hagebruksskule. Etter eitt år som jordstyresekretær i Gimsøy kommune fekk han 1950 stillinga som heradsagronom i Hol og Valberg kommunar. Etter kommunesamanslåing gjaldt stillinga for Vestvågøy kommune fram til 1989.

Tjønndal hadde med åra ei mengd kommunale, offentlege verv. Såleis var han medlem i heradsstyret i Hol frå 1956 til 1962, ordførar 1960-62 til kommunen vart nedlagd frå nyår 1963. Etter kommunevalet hausten 1963 vart vald til ordførar 1964-67 i den samanslåtte Vestvågøy kommune. 1967-69 var han styreformann i Lofotkraft.

Hausten 1969 stod Tjønndal på sjetteplass på Nordland Arbeidarparti si liste til stortingsvalet, og vart vald inn på Stortinget med bra margin. Dei fyrste vekene på Tinget var han medlem i Protokollkomiteen, frå desember 1969 var han medlem i Kommunalkomiteen/Kommunal- og miljøvernkomiten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]