Warangal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Warangal
by
Warangal railway junction front.jpg
Jernbanestasjonen Warangal Railway Junction
Land Flag of India.svg India

Warangal
17°58′32″ N 79°36′4″ E
Wikimedia Commons: Warangal

Warangal (tidlegare kjend som Oragallu eller Ekasila Nagaram, telugu: వరంగల్) er ein by og eit kommunestyre i distriktet Warangal i den indiske delstaten Telangana. Byen ligg 145 km nordaust for delstatshovudstaden Hyderabad. Warangal er det administrative setet i Warangal-distriktet. Med Hanamkonda og Kazipet hadde Warangal ein folkesetnad på nærare 1 356 298 menneske ved folketeljinga i 2001. Folketeljinga i 2011 viste eit innbyggjartal i sjølve byen på 620 116.[1]

Warangal-distriktet dekker eit område på 12 846 km² og hadde ein folkesetnad på 3 246 004 ved folketeljinga i 2001. Andre distrikt som Warangal-destriktet grenser til er Karimnagar i nord, Khamman i aust og søraust, Nalgonda i sørvest og Medak i vest. Byen er eit handelssenter i delstaten med teppeveveri, silke- og bomullsindustri. Warangal er mest kjend for granittsteinbrot (først og fremst svarte og brune variantar) og ein marknad med ris og chilli, bomull og tobakk. Det finst òg eit tempel frå 1162 i byen, og ein historisk festning i søraust.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]