Telangana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Telangana
none
Hovudstad Hyderabad
Areal 114 840 km²
Folketal 35 286 757 (2011[1])
Grunnlagd 2. juni 2014
Språk Telugu, urdu
India Telangana locator map.svg
Wikimedia Commons: Telangana

Telangana er ein delstat i det sørlege India. Hovudstaden er Hyderabad. Telangana er den tolvte største og tolvte mest folkerike delstaten i India med eit areal på 114 840 km² og eit innbyggjartal på 35 286 757 (folketeljinga 2011).[2] Nabodelstatane til Telangana er Maharashtra i nord og nordvest, Karnataka i vest, Chhattisgarh i nordaust og Andhra Pradesh i sør og aust. Dei fire største byane i delstaten er Hyderabad, Warangal, Nizamabad og Karimnagar.

Telangana vart oppretta som den 29. delstaten i India den 2. juni 2014. Skipinga skjedde ved at delar av dei ti distrikta nordvest i delstaten Andhra Pradesh, mellom dei Hyderabad, vart skilde ut som ein eigen delstat frå dei sørlege og søraustlege områda. Byen Hyderabad skulle fungera som felles hovudstad for Telangana og den gjenverande Andhra Pradesh i opp til ti år.[3]

Fram til 1947 var Telangana-regionen delt inn i dei administrative divisjonane Medak og Warangal i fyrstestaten Hyderabad, som var styrt av nizamar under det britiske kolonistyret. I 1948 vart Hyderabad invadert og innlemma i det sjølvstendige India, frå 1950 som delstat. Delstaten Hyderabad vart oppløyst i 1956, og same år vart delstaten Andhra Pradesh oppretta ved å slå saman delstaten Andhra med Telangana-regionen frå den tidlegare delstaten Hyderabad.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Telangana ligg i innlandet på Deccan-platået i det sørlege India. Arealet er på 114 800 km².[4] Delstaten grensar til Andhra Pradesh i aust og søraust, Maharashtra i vest og nordvest, Karnataka i vest, Chhattisgarh i nordaust og Odisha i aust.

Godavari og Krishna er dei viktigaste elvene.[5]

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Utsikt over Hyderabad, den støreste byen i Telanganas, frå Golconda-festninga.

Telangana har eit folketal på rundt 35 millionar.[6]

Folketeljinga i 2011 viste at 9,3 % av folkesetnaden tilhøyrer minoritetsgrupper, scheduled tribes, medan 15,4 % tilhøyrer underpriviligerte kastar.[7]

Språk[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarane i Telangana talar i hovudsak telugu (77 %), medan det i hovudstaden Hyderabad òg vert tala urdu (39 %).[8] I nokre område vert det òg tala marathi og kannada.[5]

Religion[endre | endre wikiteksten]

Hinduismen er den dominerande religionen. 86 % av folkesetnaden i regionen er hinduar, medan hovudstaden Hyderabad har 55,4 % hinduar og 41,2 % muslimar (2001).[9]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Telangana var ein av to hovedregionar i staten Hyderabad.[10] Då denne staten vart innlemma i India i 1948, følgde Telangana med som ein del av delstaten Hyderabad. Frå 1946 til 1951 var regionen prega av Telanganaopprøret.

Då delstatane i India i 1956 vart omgjort etter språkgrenser, gjekk Telangana til delstaten Andhra Pradesh.[11]

Delstat[endre | endre wikiteksten]

30. juli 2013 vedtok det regjerande Kongresspartiet å dela Andhra Pradesh og skilja ut Telangana som eigen delstat.[12] Det indiske parlamentet måtte gjera eit vedtak om å oppretta Telengana før ei slik oppretting kunne finna stad.[13] I februar gjekk eit fleirtal i delstatsforsamlinga i Andhra Pradesh imot deling av delstaten og skiping av Telangana som ny delstat.[14]

Loven om reorganisering av Andhra Pradesh og skipinga av Telangana som ny delstat vart vedteken av Lok Sabha, det indiske underhuset, den 18. februar 2014.[15] Lovforslaget vart sett fram av regjeringa og Kongresspartiet, som opplevde intern splitting i saka. Forslaget fekk støtte frå Bharatiya Janata Party (BJP). Den 20. februar 2014 vedtok også overhuset, Rajya Sabha, loven om den nye delstaten.[16] Regjeringa sette fast 2. juni 2014 som dato for skipinga.[17]

Politikk og administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Kart som viser kvar partia vann mandat ved valet til den nye delstatsforsamlinga i 2014.

Delstatsparlamentet har to kammer. Overhuset Vidhan Parishad (lovgjevande råd) er på 40 medlemmar, delvis valde direkte og indirekte, delvis oppnemnde. Underhuset Vidhan Sabha er folkevalt og har 119 medlemmar. Éin medlem er likevel oppnemnt av guvernøren for å representera den anglo-indiske folkegruppa.[18]

Partiet Telangana Rashtra Samithi (TRS), som leidde an i kampen for skipinga av delstaten, vann det første valet til delstatsforsamlinga. TRS fekk 34 % av stemmane. Kongresspartiet vann 25 % av stemmane og 21 sete, med 14,5 % og 15 sete til Telugu Desam. All India Majlis-E-Ittehadul Muslimeen fekk 3,7 % og 7 sete, medan Bharatiya Janata Party fekk 7 % og 5 sete.[19] TRS fekk 63 av 119 mandat og med det regjeringsfleirtalet.[20] Guvernøren av Telangana, E.S.L. Narasimhan, bad TRS-leiaren Kalvakuntla Chandrashekar Rao om å danna regjering i delstaten.[21]

Telangana har 17 sete i det indiske underhuset Lok Sabha og 7 sete i overhuset Rajya Sabha.[18]

Distrikt[endre | endre wikiteksten]

Kart over distrikta i Telangana

Telangana er delt inn i ti distrikt.

Distrikta som utgjer delstaten hadde i 2011 ein folkesetnad på til saman 35 286 757:[22]

  • Adilabad: 2 737 738
  • Hyderabad: 4 010 238
  • Karimnagar: 3 811 738
  • Khammam: 2 798 214
  • Mahbubnagar: 4 042 191
  • Medak: 3 031 877
  • Nalgonda: 3 483 648
  • Nizamabad: 2 552 073
  • Rangareddi: 5 296 396
  • Warangal: 3 522 644

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

20 % av kolførekomstane i India finst i Telangana.[23] Kolet vert brote av Singareni Collieries Company, som har gruvedrift i fire distrikt i Godavari-dalen.[24]

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Rajiv Gandhi internasjonale lufthamn ligg ved hovudstaden Hyderabad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.census2011.co.in/states.php
  2. «POPULATION» (på engelsk). Govt of Andhra Pradesh. http://www.ap.gov.in/Other%20Docs/Population.pdf. Henta 30. mai 2014. 
  3. «Telangana will be 29th state, Hyderabad to be common capital for 10 years» (på engelsk), The Times of India, 30. juli 2013, Arkivert frå den opphavlege versjonen den 31. juli 2013, https://web.archive.org/web/20130731045228/http://timesofindia.indiatimes.com/india/Telangana-will-be-29th-state-Hyderabad-to-be-common-capital-for-10-years/articleshow/21490142.cms? 
  4. «10 things to know about Telangana», Business Standard, 18. februar 2014.
  5. 5,0 5,1 «Telangana, a brief profile: All that you want to know about India's 29th state», Hindustan Times, 21. februar 2014.
  6. «Telangana: Protests continue over new state in southern India», BBC News, 1. august 2013.
  7. Rao, C. H.: «The New Telangana State. A Perspective for Inclusive and Sustainable Development», Economic and Political Weekly, bd. XLIX, nr. 9, 1. mars 2014.
  8. «Table 7.3. Language spoken by regional distribution», Committee for Consultations on the Situation in Andhra Pradesh. Report, desember 2010.
  9. «Table 7.2. Region-wise distribution of religious groups 2001», Committee for Consultations on the Situation in Andhra Pradesh. Report, desember 2010.
  10. John Law: Modern Hyderabad (Deccan), Calcutta: Thacker, Spink & Co., 1914, s. 56ff.
  11. Kenneth Pletcher: Geography of India. Sacred and Historic Places, New York: Britannica Educational Publishing, 2011, s. 299–300.
  12. «India coalition approves new state of Telangana», BBC News, 30. juli 2013.
  13. «Birth of a new state», grafikk med oversikt over saksgangen fra avisen The Hindu.
  14. «Andhra Pradesh lawmakers reject India Telangana bill», BBC News, 30. januar 2014.
  15. «Telangana bill passed in Lok Sabha; Congress, BJP come together in favour of new state», Hindustan Times, 18. februar 2014.
  16. «Telangana: India parliament passes bill creating new state», BBC News, 20. februar 2014.
  17. «Notification», The Gazette of India, 4. mars 2014.
  18. 18,0 18,1 «Telangana to have 17 Lok Sabha seats, 119 member assembly», Daily News and Analysis, 16. desember 2013.
  19. «Election Commission of India. General\Bye Election to Vidhan Sabha Trends & Result 2014», Election Commission of India.
  20. «2014 Lok Sabha election results: KCR creates history in Telangana, TDP bounces back in Seemandhra», Deccan Chronicle, 17. mai 2014.
  21. «K Chandrasekhar Rao to be sworn in as Chief Minister of Telangana on June 2», Deccan Chronicle, 29. mai 2014.
  22. Distribution of Population, Decadal Growth Rate, Sex-Ratio and Population Density, Census of India, 2011.
  23. «Telangana region has rich natural resources», The Economic Times, 30. juli 2013.
  24. «Singareni Collieries Coal Mines of Telangana – The Black Diamond of India», Explore Telangana.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]