Waxed
| Waxed Studioalbum av Bigbang | ||
| Utgjeve | 1995 2002 | |
| Innspelt | juni 1995 | |
| Sjanger | Rock, Rock and roll | |
| Lengd | 38.17 | |
| Selskap | Grand Sport Records, Warner Music | |
| Produsent | BigBang og Børge Finnstad | |
| Bigbang-kronologi | ||
|---|---|---|
| Waxed | Electric Psalmbook (1999)
| |
Waxed er debutalbumet til den norske rock'n'roll-gruppa Bigbang.
Albumet vart spelt inn på G.L Studio i Oslo i juni 1995, og ferdigstilt av Audun Strype og Bigbang på Strype Audio. Plata vart gjeve ut gjennom Grand Sport Records, som er eit sjølvstendig plateselskap eigd av frontmann i Bigbang, Øystein Greni. Waxed vart seinare lansert på nytt, i ei ny utgåve, gjennom Warner den 3. juni 2002. Denne nye utgåva inneheldt eit nytt spor, «Elle Vogue», som ein kan høyre etter 12 minutt og 30 sekund uti spor #11, «Down There Again». I følgje ei utsegn frå Greni er den nye songen tileigna moteblad (t.d. ELLE og Vogue), som viser fram kvinner som mannfolk flest ikkje har råd til å ha med å gjere.
Spor
[endre | endre wikiteksten]Alle songane er produsert og miksa av Bigbang og Børge Finnstad, med unntak av spor #4.
| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Bus Ride» | 4:04 |
| 2. | «Limo Driver» | 3:38 |
| 3. | «The Man» | 2:38 |
| 4. | «Little Cloud» (produsert av Jørn Christensen på Rodeløkka studios) | 3:48 |
| 5. | «Two O'Clock» | 4:06 |
| 6. | «Tennis Club» | 4:06 |
| 7. | «Marvin Dale» | 2:36 |
| 8. | «Rules Understood» | 2:44 |
| 9. | «Situations» | 4:30 |
| 10. | «Usually» | 3:17 |
| 11. | «Down There Again» | 2:50 |
| 12. | «Elle Vogue» (bonusspor) | 2:00 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Bigbang
[endre | endre wikiteksten]- Øystein Greni - solovokal, gitarar
- Erik Tresselt - bassgitar, vokal
- Christer Engen - trommer, vokal
Andre
[endre | endre wikiteksten]- Iver Ole Erstad - orgel (på spor #6, «Tennis Club»)
- Børge Finnstad - produsent og teknikar
- Audun Strype - ferdigstilling (en:mastering)
- Jørn Christensen - produsent (av spor #4, «Little Cloud»)