We're All Alone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
We're All Alone
Song av Boz Scaggs
frå albumet Silk Degrees
Utgjeve 1976
Sjanger Rock
Lengd 4:12
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Boz Scaggs
Produsent Joe Wissert
We're All Alone
Singel av Rita Coolidge
frå albumet Anytime...Anywhere
B-side «Southern Lady»
Utgjeve Juni 1977
Sjanger Poprock
Lengd 3:38
Selskap A&M
Låtskrivar(ar) Boz Scaggs
Produsent David Anderle
Rita Coolidge-kronologi
«(Your Love Has Lifted Me) Higher and Higher»
(1977)
We're All Alone «The Way You Do the Things You Do»
(1977)


«We're All Alone» er ein song skriven av Boz Scaggs og spelt inn for albumet hans Silk Degrees i 1976. «We're All Alone» var ein hit i 1977 for Rita Coolidge i USA og Storbritannia.

Tidlege versjonar[endre | endre wikiteksten]

«We're All Alone» er ein inderleg ballade som avslutta Silk Degrees. Frankie Valli gav songen ut på singel og denne nådde 78. plass i august 1976 og våren 1977 vart ein versjon av Bruce Murray spelt ein del på radio i Canada.

The Walker Brothers, som var ein av inspirasjonskjeldene til Scaggs[1], spelte inn «We're All Alone» for albumet Lines og gav han ut på singel i oktober 1976 i Storbritannia. Walker Brothers-versjonen nådde 22. plass i Nederland i august 1977, ein månad før ein versjon av Rita Coolidge òg nådde den nederlandske lista. Denne singelen nådde òg sjuandeplassen i Storbritannia. I mars 1977 vart ein versjon av the Three Degrees spelt inn for albumet Standing Up For Love.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar av «We're All Alone» har blitt spelt inn av Maj Britt («Alene Her»), Cecilio & Kapono, Petula Clark («On est tout seul»), Anne Cochran, Linda Eder, Zsa Zsa Padilla, Monica Forsberg, Kiri Te Kanawa, Engelbert Humperdinck, Arja Koriseva («Me Kaksi Vain»), Kisu («Niin yksin oon»), Liesbeth List («Vertrouwd Gevoel»), Johnny Mathis, Ben Cramer «Gelukkig Zijn», Stutz Bear Cats, Reba McEntire med Jose e Durval («Solo yo, sola tu»), Natalia, Mary O'Hara, Natalia Oreiro og Manolo Otero («Estamos Todos Solos»), Päivi («Kun Luonain Oot»), Patty Pravo («Da Soli Noi»), Kurt Ravn, Doreen Shaffer, Yulia, Beat Crusaders og Pieces of a Dream.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dark Star 9-6/77». Henta 2. oktober 2013.