The Walker Brothers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Walker Brothers
Walker Brothers.png
The Walker Brothers i 1965
(V-H: Gary Leeds, Scott Engel, John Maus)
OpphavLos Angeles
Aktiv1964–1968, 1975–1978
SjangerPop
PlateselskapPhilips, GTO

The Walker Brothers var ei popgruppe frå USA i 1960- og 1970-åra som bestod av Scott Engel (etter kvart kjend under artistnamnet Scott Walker), John Walker (fødd John Maus, men nytta namnet Walker sidan tenåra) og Gary Leeds (som vart kjend som Gary Walker). Dei flytta til Storbritannia i 1965 og fekk to album og singlar på Topp 10 der, mellom anna «Make It Easy on Yourself» og «The Sun Ain't Gonna Shine (Anymore)», som begge òg nådde Topp 20 i USA.

Gruppa vart skipa i 1964 av dei tre musikarane, som ikkje var i slekt, og kalla seg Walker Brothers, «rett og slett fordi me likte det».[1] Dei var eit unikt motstykke til Den britiske bølgja sidan dei var ei gruppe frå USA som hadde større suksess i Storbritannia enn i heimlandet i perioden då britiske band som The Beatles dominerte i USA.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Starten[endre | endre wikiteksten]

The Walker Brothers Trio vart skipa i Los Angeles i 1964 av John Walker (solovokal, gitar), Scott Engel (bass, harmonivokal) og trommeslagaren Al «Tiny» Schneider. Før den tid hadde John Walker—som alt hadde nytta dette namnet i fleire år-spelt inn fleire mislukka singlar i lag med systera som ein duo, John and Judy, og Engel hadde spelt bass med instrumentalbandet The Routers. Walker og Engel, med to andre musikarar, hadde òg turnert i Midtvesten i 1963 som «The Surfaris», sjølv om gruppa ikkje inkluderte nokre av musikarane som spelte på the Surfaris-platene. Dei droppa ordet «Trio», og Walker og Engel fekk kontrakt med Mercury Records, spelte inn singelen «Pretty Girls Everywhere» og vart ein av hovudattraksjonane på nattklubben Gazzari's i Hollywood. Dei deltok òg på TV-showet Shindig!, utvikla av Jack Good, og så på eit vekentleg TV-show kalla Ninth Street A Go Go.[3]

Seint i 1964 møtte dei trommeslagaren Gary Leeds, som tidlegare hadde spelt i The Standells (seint 1962–1964). Han hadde nettopp turnert med den britiske songaren P.J. Proby.[1][4] Leeds – og Brian Jones som ofte var å sjå på klubben[5] – overtydde dei om at rock and roll- og blues-stilen deira ville slå godt an i «swinging London», der Proby alt hadde hatt suksess. Før dei reiste spelte dei inn ein annan singel, «Love Her», med Nick Venet som produsent og arrangert av Jack Nitzsche, med Scott Engel på solovokal for første gongen. Dei var òg med i ein film, Beach Ball, og sende demoinnspelingar til plateselskap i Storbritannia. Med økonomisk støtte av stefaren til Leeds, reiste Walker, Engel og Leeds til Storbritannia i februar 1965.[3]

Suksess i Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

Gruppa i 1965

Då dei kom til England ønskte plateprodusenten Johnny Franz å signere kontrakt med dei. I løpet av kort tid hadde Walker og Engel fått platekontrakt med Philips Records, eit selskap tilknytt Mercury, og spelte fleire stader i Storbritanniamed Leeds som trommeslagar. Den første singelen deira, «Pretty Girls Everywhere», hadde liten suksess,[4] men radiostasjonane plukka opp oppfølgjaren deira «Love Her» med barytonstemma til Engel, og denne nådde Topp 20 på UK Singles Chart, den britiske singellista, i juni 1965.[6] Songen hadde opphavleg vorte spelt inn av The Everly Brothers og gjeve ut som ei B-side til singelen deira «The Girl Who Sang The Blues» i 1963.[7]

Philips spelte så inn og gav ut gruppa sin versjon av «Make It Easy on Yourself», ein ballade av Burt Bacharach og Hal David som tidlegare var spelt inn av Jerry Butler. Han vart sungen av Engel (som no kalla seg Scott Walker), var arrangert av Ivor Raymonde og produsert av Johnny Franz, med fullt orkester og studiomusikarar, særs lik produksjonsstilen til Phil Spector.[7] Studiomusikarar på innspelinga var mellom andre Alan Parker og Big Jim Sullivan. I august 1965 hadde «Make It Easy on Yourself» gått inn på Topp 10 i Storbritannia og nådde etter kvart toppen av singellista.[6] Seinare på året nådde singelen òg 16. plassen på Billboard Hot 100 i USA.[4] Songen selde 250 000 eksemplar i Storbritannia og over ein million globalt og selde til gullplate.[1]

Songen «My Ship is Coming In» nådde tredjeplassen i Storbritannia og var opphavleg spelt inn i 1965 av soulartisten Jimmy Radcliffe. Så i mars 1966 nådde The Walker Brothers førsteplassen for andre gongen på seks månader med «The Sun Ain't Gonna Shine Anymore."[6] Populariteten deira i Storbritannia - særleg for Scott - nådde eit nytt høgdepunkt, særleg blant tenåringsjentene, og fanklubben deira i landet var sagt å vere større enn The Beatles sin. Sjølv om «The Sun Ain't Gonna Shine Anymore» òg nådde Topp 20 i USA, hadde dei langt mindre suksess i heimlandet enn i Storbritannia.[4]

The Walker Brothers heldt fram å lage hits i Storbritannia i 1966 og 1967, der Scott hadde ei viktig i rolle i kva songar dei skulle spele og arrangementet deira, men med stadig mindre kommersiell suksess. Dei måtte òg reiste ut av Storbritannia i seks månader tidleg i 1967 på grunn av problemar med arbeidsløyve. Etter kvart som popmusikken gjekk vidare byrja Walker Brothers å høyre utdaterte ut. Mot slutten av 1967 førte presset stjernelivet førte med seg, indre spaningar og «kunstnariske skilnader» til at gruppa vart svekka. Det sendte Scott Walker ut i ein depresjon og søkte tilflukt i eit kloster då usemja hans med Maus førte til at bandet vart splitta.[7] Etter ein britisk turne seint i 1967, der òg Jimi Hendrix, Cat Stevens og Engelbert Humperdinck spelte, følgde ein turne i Japan i 1968, før bandet vart oppløyst.

Saman att i 1970-åra[endre | endre wikiteksten]

Alle tre fortsette karrieren sine som soloartistar, med Scott (som gav ut den første plata i 1967) som den klårt mest suksessrike og han skapte seg ein stor tilhengjarskare.[6] Seint i 1974 gjekk Walker, Engel ig Leeds med på å starte The Walker Brothers att. I 1976 gav dei ut albumet No Regrets. Tittelsporet vart gjeve ut som singel og nådde sjuandeplassen i Storbritannia tidleg i 1976. Dei spelte inn to album til i lag, Lines (1976) og Nite Flights (1978), som var mindre suksessrike, sjølv om den eksperimentelle stilen på songane til Scott Walker på Nite Flights la det stilmessige grunnlaget for den seinare solokarrieren hans. The Walker Brothers gjorde nokre kabaretar, sjølv om Engel (no vanlegvis kjend som Scott Walker) var motvillig til å synge live. Då kontrakten til gruppa med GTO Records tok slutt dreiv gruppa frå kvarandre.[3]

Seinare karriere[endre | endre wikiteksten]

John Walker byrja å bygge eigne gitarar og oppretta sitt eige studio i California, og tok opp att turnering i 2004. Gary Walker er framleis aktiv i England. Scott Walker spelar framleis sporadisk inn musikk.

Scott Walker: 30 Century Man er ein dokumentarfilm frå om Scott Walker av Stephen Kijak. Filmen fekk tittelen frå songen «30 Century Man». Han handla om musikkarrieren til Walker, med fokus på låtskrivinga hans og med klipp frå innspelinga av albumet The Drift. David Bowie var overordna produsent for filmen.

Bandmedlemmar[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 198. ISBN 0-214-20512-6. 
  2. Allmusic.com biography by Richie Unterberger
  3. 3,0 3,1 3,2 Walker, John; Walker, Gary (2009). The Walker Brothers: No Regrets—Our Story. London: John Blake. s. 320. ISBN 978-1-84454-815-6. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 1042/3. ISBN 1-84195-017-3. 
  5. «Gary Walker – Biography». Gary-walker.net. Henta 26. september 2013. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 589/590. ISBN 1-904994-10-5. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Roberts, David (1998). Guinness Rockopedia (1st utg.). London: Guinness Publishing Ltd. s. 469/470. ISBN 0-85112-072-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]