White spirit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
White spirit
Flammepunkt 31° C
Kokepunkt 130° C
Faresymbol Hazard F.svgHazard X.svg

White spirit er ei væske som er fargelaus og klår i utsjånad, og har ein karakteristisk, stram lukt. Ho er uløyseleg i vatn, men er blandbar med mange andre organiske løysemiddel.

White spirit er ei blanding av hydrokarbonar og blir nytta som løysemiddel i måling, reingjering av penslar, fjerning av asfalt, feitt, stearin, skismøring osv. White spirit er kanskje det organiske løysemiddelet som blir brukt mest i dag.

White spirit er òg kjent under namna «nafta» (petroleum), «white spirit type 1», «white spirit type 2», «white spirit type 3», «mineralsk terpentin», «laknnafta», white-sprit eller «essence de petrole».

Fakta om «White spirit type 1»[endre | endre wikiteksten]

  • Flammepunkt ved 31° C.
  • Kokepunkt ved 130° C.
  • Består av ei blanding av ulike hydrokarbon.
  • Farleg for lever og lunger.
  • Som andre feittløysarar kan det gje varig skade på nervesystemet.

White spirit skal ikkje tømmast ut i vasken eller i naturen. Det skal leverast inn til ei søppelfylling eller miljøstasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]