Wienerbrød

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit winerbrød med eplefyll.

Wienerbrød er ei form for kvitt, søtt bakverk laga av gjærdeig skild i fleire lag av feitt. Retten er mest laga i Skandinavia, ikkje i Wien, og blir på språk som engelsk kalla Danish pastry, 'dansk bakverk'.

Ein lager wienerbrød ved å kjevla ut ein deig laga av mjøl, mjølk og egg med sukker og kanskje kardemomme i. Deretter breier ein ut bakefeitt, som smør eller margarin, på deigen. Laga blir lagde oppå kvarandre og kjevla vidare. Typisk legg ein tre lag oppå kvarandre tre gonger, slik at det til saman blir 27 feittlag. Ofte kjøler ein deigen ned for å gjera han lettare å handtera. Resultatet blir eit smøraktig, lagdelt bakverk.

Bakverket kan ha ulik fyll og glasur. Ein vanleg variant er vaniljekrem i midten og melis rundt. Andre brukte smakar er sjokolade, syltetøy og nøtter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]