Hopp til innhald

Wiesław Maniak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wiesław Maniak


StatsborgarskapPolen
Fødd22. mai 1938
Lviv
Død 28. juni 1982 (44 år)
Kurtsjatov
Idrettfriidrett
Tok del i Sommar-OL 1964

Wiesław Jan Maniak (22. mai 1938–28. juni 1982) var ein polsk friidrettsutøvar frå Lviv som deltok på sprintdistansane. Han vart europemister på 100 meter i 1966.

Maniak deltok i dei olympiske sommarleikane 1964 i Tokyo. På 100-meteren vart han nummer fire og beste europear på tida 10,4. Han sprang òg den andre etappen for det polske laget i 4 x 100 meter stafett, eit lag som etter målfoto vann sølv på tida 39,3 sekundar. Andrzej Zieliński, Marian Foik og Marian Dudziak sprang dei hine etappane. I 1965-sesongen sette Maniak polsk rekord med eit løp på 10,1 sekundar, ein rekord som stod seg i 19 år.

Under europameisterskapen 1966 i Budapest stadfesta Maniak sitt ry som den beste sprintaren i Europa. Med 10,5 sekundar vann han gullmedaljen på same tid som dei andre medaljevinnarane, franskmennene Roger Bambuck og Claude Piquemal.

Maniak rauk rett ut or forsøka på 100-meter då Sommar-OL 1968 fann stad i Mexico-byen, og det polske stafettlaget gjorde eit heller svakt finaleløp og enda på åttande og siste plass med sine 39,22 sekundar. Også ved EM i friidrett 1971 i Helsinki rauk han ut or forsøka på 100 meter.

Maniak døydde i Kursjatov i Kursk oblast i Russland, i dåverande Sovjetunionen, der han var med å byggje eit kraftverk.