Claude Piquemal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Claude Piquemal


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 13. mars 1939 (85 år)
Siguer, Frankrike
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1968, Sommar-OL 1964, Sommar-OL 1960

Utmerkingar

offiser av Den nasjonale fortjenstorden

Claude Piquemal (fødd 13. mars 1939) er ein fransk tidlegare sprintar. Han vart europameister 1962 på 100 meter og vann EM-gull 1966 med Frankrike sitt mannskap i 4 x 100 meter stafett.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Piquemal vart fransk meister på 100 meter i 1960 og 1963. I mellomtida vann han 100-meteren ved EM 1962 på 10,4 sekund, landsmannen Jocelyn Delecour vart nummer 2. I Mellomhavsleikane 1963 sigra Piquemal på 100 meter framom Livio Berruti frå Italia. Under Sommar-OL 1964 i Tokyo nådde Piquemal semifinalen på 100 meter. I stafetten vann han og Frankrike bronse på 39,3 sekund, USA sette verdsrekord med 39,0 og Polen tok sølv.

Den 11. juni 1965 sette Piquemal fransk rekord med eit løp på 20,5, sekund i Charlety. Same sommaren presterte han livsbeste 10,33 sekund på 100 m. I Budapest-EM 1966 kom Piquemal på tredjeplass på 100 meter, slått av Wiesław Maniak frå Polen og sin eigen landsmann Roger Bambuck, alle tre fekk lik tid. Uoffisielt skilde det 0,02 sekund mellom dei fire beste i løpet. I 4 x 100 m stafett vann det franske laget, beståande av Marc Berger, Jocelyn Delecour, Claude Piquemal og Roger Bambuck, på 39,4 sekund, Sovjetunionen på sølvplass fekk notert 39,8. Under dei olympiske sommarleikane 1968 sprang Piquemal den tredje etappen for Frankrike sitt bronselag.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1960 i Roma: Utslått i kvartfinalen på 100 m (10,7=nr 19)
  • EM 1962 i Beograd: Gull på 100 m – 10,4, framom Jocelyn Delecour (10,4). Nr 4 i 4 x 100 m stafett
  • OL 1964 i Tokyo: Bronse i 4 x 100 m stafett (39,3). Utslått i semifinalen på 100 m (10,56=nr 12)
  • EM 1966 i Budapest: Bronse på 100 m – 10,5. Gull i 4 x 100 m stafett (39,4)
  • OL 1968 i Mexico-byen: Bronsemedalje i 4 x 100 m stafett (38,4)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]