Wii Sports Resort
| Wii Sports Resort | |||
| | |||
| Utviklar(ar) | Nintendo EAD | ||
|---|---|---|---|
| Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
| Distributør | Nintendo eShop | ||
| Kreativt ansvarleg(e) | Takayuki Shimamura, Yoshikazu Yamashita | ||
| Produsent(ar) | Katsuya Eguchi | ||
| Serie | Wii, Wii Sports | ||
| Plattform(er) | Wii | ||
| Utgjeving | JP: 25. juni 2009[1] AUS: 23. juli 2009[2] EU: 24. juli 2009[3][4] | ||
| Sjanger | Idrett | ||
| Spelemodus | Einspelar, fleirspelar | ||
| Aldersgrense | PEGI 7 | ||
| Nettstad | http://wiisportsresort.com | ||
| Del av serien Wii, Wii Sports⠀ | |||
| ←Wii Sports · Wii Fit Plus, Wii Sports Club→ | |||
Wii Sports Resort er eit idrettsspel utvikla og produsert av Nintendo som ein oppfølgjar til Wii Sports. Det vart gjeve ut i Japan i juni 2009, og i Australia, Europa og Nord-Amerika i juli 2009. Spelet krev Wii MotionPlus for å kunne bli spelt.
Oppsett
[endre | endre wikiteksten]Wii Sports Resort finn stad på ei tropisk øy; Wuhu, som også er representert i Wii Fit, der tolv ymse sportar er tilgjengelege for ein å spela. I likskap med føregangaren er alle sportane spelte ved å bruka Wii-fjernkontrollen, og eventuelt nunchuken, til å etterlikna rørsler som blir gjorde i ekte sport. I sporten der ein skal skyta med pil og boge må ein til dømes halda Wii-fjernkontrollen loddrett for å halda bogen og sikte, medan Nunchucken kan bli trekt bakover for å trekkja bogestrengen i den retninga. Nyheita i Wii Sports Resort er støtte for Wii MotionPlus. Dette gjev såkalla 1:1-kontroll, som lèt ein kontrollera spela med meir presisjon enn tidlegare.[3]
Wii MotionPlus trengst for alle Wii-fjernkontrollane som blir nytta til å spela Wii Sports Resort. Dei fleste sportane i spelet som støttar 3 eller 4 spelarar lèt ein enkelt Wii-fjernkontroll bli delt mellom spelarane etter tur. Unntaket er kanopadling, der alle fire spelarane trengjer kvar sin kontrollar for å spela.