Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 20, 2015

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Forslag 1: 17. Mai og ein "norsk" artikkel på framsida?:


Den første hytta bygd på Kapp Circoncision i 1929.

Bouvetøya er ei subantarktisk vulkanøy som er under norsk suverenitet som biland i Sør-Atlanterhavet. Øya ligg sør i Midtatlanterhavsryggen og er den mest avsidesliggande øya i verda. Øya har eit areal på 49 km², og av dette er 93 % av isbrear. Midten av øya er eit isfylt krater av ein inaktiv vulkan. Langs kysten ligg nokre skjer og ei øy, Larsøya. Nyrøysa, som vart danna av eit jordras seint i 1950-åra, er den einaste enkle staden å gå i land. Norsk Polarinstitutt har hatt ein automatisk vêrstasjon i drift her sidan 1977.

Øya vart først oppdaga 1. januar 1739 av Jean-Baptiste Charles Bouvet de Lozier, som øya seinare vart kalla opp etter. Han skreiv ned unøyaktige koordinatar, og øya vart ikkje observert på nytt før James Lindsay namngav ho Lindsay Island i 1808. Benjamin Morrell hevda å ha vore i land på øya, som første person, men dette er omstridd. Øya vart gjort krav på for Den britiske krona av George Norris i 1825, som namngav ho Liverpool Island. Han såg òg ei fantomøy i nærleiken som han kalla Thompson Island. Den første Norvegia-ekspedisjonen gjekk i land på øya i 1927 og gjorde krav på øya for Noreg. Etter at britane protesterte vart øya erklært eit norsk biland i 1930. Øya vart eit naturreservat i 1971.

Ettersom ein reknar Antarktis som områda sør for 60°S høyrer Bouvetøya ikkje til denne verdsdelen, men Subantarktis og kanskje Afrika, som ligg i underkant av 2000 km lenger nord. Bouvetøya har ingen fastbuande innbyggjarar, men eit rikt dyreliv. Norske ekspedisjonar kjem jamleg til øya for å kartleggja henne og studera naturen, dyrelivet og vêrtilhøva der og i havområda omkring. Les meir …