Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 17, 2011

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sidan det er 2. påskedag og tid for konfirmasjonar så kjem eg med forslag 1: Døyparen Johannes


Me kan sjølvsagt ta han fram 24. juni i staden, dersom nokon finn ein betre 1. mai artikkel Hogne 31. mars 2011 kl. 14:07 (CEST)[svar]

Eg synest Nattverd er blitt veldig god i det siste. Den er også ganske tett knytt til påska! --Ranveig 1. april 2011 kl. 16:00 (CEST)[svar]
samd, me ventar med Johannes til juni! Hogne 2. april 2011 kl. 15:11 (CEST)[svar]


Me viste dette påsken 2009, skal me resirkulere:

Fleire stader er det høgtidsamt ved første nattverd.

Nattverd er ei kristen liturgisk handling basert på Jesu Kristi siste måltid med disiplane føre krossfestinga.

Nattverden minnar om det siste påskemåltidet Jesus hadde med disiplane sine. Tre av evangelia skildrar Jesu siste måltid saman med disiplane på skjærtorsdag. Jesus gav brød til disiplane og sa «...dette er min lekam...». Deretter gav han dei vin og sa «...dette er mitt blod...». Orda hans vart avslutta med «...gjer dette til minne om meg». Det er denne siste setninga som er basis for at dei aller fleste kyrkjer gjev nattverden ein framtredande plass i gudsdyrkinga. Les meir …


-- Hogne 8. april 2011 kl. 19:58 (CEST)[svar]
Har ikkje noko mot resirkulering, men to år er kort tid når artikkelen er lite endra sidan sist. Ville heller valt Jesu sju ord på krossen - men den kunne med fordel heller vore brukt i den stille veka - kanskje eit anna år. --Knut 8. april 2011 kl. 20:24 (CEST)[svar]
Uff då, orsak for rotet! Me kan godt ha dei sju orda i veke 16, og så Agatha Christie denne veka? Ingenting er skrive i stein endå. (Vurderer også ei kjappomsetjing av den siste nattverden for å gjera godt att). --Ranveig 8. april 2011 kl. 23:37 (CEST)[svar]
Agatha Christie fortener ein plass på framsida, og den stille veka vert jo assosiert med krim. Artikkelen eg nemnde er reint refererande, og lite drøftande. Det kunne f.eks vere interessant å vite om ordet spesielt har sin plass i lutherske kyrkjer, der læra står i fokus - mens bilete av krossfestinga vert brukt meir i katolske kyrkjer. (Det er nok slik, men vi skal jo helst ha kjelder for det vi skriv. Kanskje vi finn det innan neste år?). Ranveigs plan B kan vere eit godt alternativ. --Knut 9. april 2011 kl. 11:47 (CEST)[svar]

Eg foreslår at me tar Jesu sju ord på krossen i påsken 2012 og kjem med forslag 4 (?):

Magnus Carlsen i 2008

Magnus Carlsen -- Hogne 11. april 2011 kl. 10:06 (CEST)[svar]

Bra framlegg! --Knut 11. april 2011 kl. 12:14 (CEST)[svar]