Jesu sju ord på krossen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krossfestinga, 1800-tals oljemåleri frå Chapel Nosso Senhor dos Passos , Porto Alegre, Brasil

Jesu sju ord på krossen er i kristen tradisjon ei samansetjing av sju utsegner som Jesus i følgje evangelietekstane i Det nye testamentet sa medan han hang på krossen.

Orda står ikkje i samanheng i evangelietekstane, og dei er henta frå alle dei fire evangelia. Matteusevangeliet har ei utsegn frå krossen, den same er med i Markusevangeliet. Lukasevangeliet har tre andre ytringar, og Johannesevangeliet atter tre andre.

Rekkjefølgja på Jesu sju siste ord varierer noko i ulike tradisjonar. Her er dei nummerert i samsvar med dansk-norsk tradisjon.

Orda har vore ein inspirasjon for mange meditasjonar og preiker for langfredagen. Det har òg vore skrive salmar og komponert musikkverk over dei sju orda.

Jesu sju siste ord på krossen[endre | endre wikiteksten]

GAk under JEsu Kors at staa,
O kiære Siæl, og med attraa
Kys JEsu Læber, og giv agt
Paa hvad hand har til Affskeed sagt.

Frå Thomas Kingo 1689: «Om de syv Ord JEsus talede paa Korset»

I[endre | endre wikiteksten]

«Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer.»[1]
Orda var i følgje Lukasevangeliet sagt om soldatane som krossfesta Jesus.

II[endre | endre wikiteksten]

Det andet Ord, som da blev talt,
Da blev hans Moder anbefalt,
Sanct Hans for Søn at kiende:
Sanct Hans tag du min Moder an,
Og drag Omsorg for hende.

Frå «De syv Ord paa Korset JEsus talte» av Petter Dass

«Kvinne, sjå, der er son din.» «Det er mor di.»[2]
Då Jesus fekk auga på Maria, mor si, bad han henne rekne Johannes som sonen sin. Likeeins bad han Johannes ta seg av Maria. Teksten nemner ikkje Johannes med namn, men brukar orda «disippelen han [Jesus] hadde kjær». I følgje Johannesevangeliet tok Johannes Maria heim til seg frå den stunda.

Andre tradisjonar plasserer denne utsegna som Jesu tredje ord på krossen. Som dei andre utsegnene er òg denne gjeve eit symbolsk innhald: Orda til Maria kan gjelde kyrkja, som skal vere ei mor for kyrkjelyden, her representert ved læresveinen.

III[endre | endre wikiteksten]

«Sanneleg, eg seier deg: I dag skal du vera med meg i paradis.»[3]
Dette ordet skal etter Lukasevangeliet vere sagt til den eine av dei to røvarane som vart krossfest saman med han.

Etter andre tradisjonar er denne utsegna Jesu andre ord på krossen.

IV[endre | endre wikiteksten]

«Eloï, Eloï, lemá sabaktáni?»[4]
Desse orda ropa Jesus i følgje Markusevangeliet med høg røyst på arameisk, morsmålet sitt. Dei tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?» Blant folket som var der, var det mange som ikkje forstod det han sa; dei trudde Jesus ropa på profeten Elia. Dei som forstod arameisk, visste at Jesus siterte opningsverset i Salme 22;[5] ein tekst som ender med at Gud grip inn og hjelper.

Ytringa står òg i Matt. 27,46[6]. Her ligg orda tettare opp til bibelsk hebraisk enn hos Markus.

V[endre | endre wikiteksten]

«Eg er tørst.» [7]
Også denne utsegna viser til Salme 22. I følgje Johannesevangeliet sa Jesus dette for at orda i Salme 22,16[8] skulle bli oppfylte. For å sløkkje tørsten, fekk han eddikvin å drikke av ein svamp som soldatane heldt framom munnen hans, på ein isopstilk.

VI[endre | endre wikiteksten]

«Det er fullført!»[9]
I følgje Johannesevangeliet bøygde han hovudet og anda ut då dette var sagt.

VII[endre | endre wikiteksten]

Gid det og blive sidst det Ord
Jeg tale skal paa denne Jord.

Avslutninga av 18. verset i Thomas Kingos salme frå 1689: «Om de syv Ord JEsus talede paa Korset»

«Far, i dine hender gjev eg mi ånd!» [10]
Orda i Lukasevangeliet vert i kristen tradisjon rekna som dei aller siste orda Jesus sa medan han hang på krossen.

Inspirasjon til anna dikting[endre | endre wikiteksten]

Jesu sju ord på krossen er tema i langfredagssalmen «Gå under Jesu kors å stå», skriven av Thomas Kingo i 1689 (Norsk Salmebok nr 155).

Petter Dass har skrive den bibelske visa «De syv Ord paa Korset JEsus talte», som gjennom ni vers drøfter desse tekstane. [11]

Orda i musikken[endre | endre wikiteksten]

Michelangelo: Krossfestinga av Kristus, 1540

Mange komponistar har komponert musikk til desse orda, blant dei er:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • J.R: Porter: Illustrert nøkkel til Bibelen, Grøndahl Dreyer 1996/2005 ISBN 82-504-2321-6

Referansar[endre | endre wikiteksten]