Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 40, 2011

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Forslag 1:


Giljotin, eit apparat for avretting ved halshogging

Dødsstraff er ein straffemetode der ein tek livet av ein person som straff for eitt eller fleire brotsverk ein er dømd for.

Nesten alle samfunn har gjennom historia nytta dødsstraff. Dei vanlegaste brotsverka som har vore knytte til dødsstraff er drap, valdtekt og grov vald, men blasfemi og opposisjon til styremaktene er òg vorte straffa slik ei rekkje stader. Dødsstraff er avskaffa i dei fleste europeiske landa, men vert enno nytta i mange ikkje-vestlege land og i USA. Dei fyrste landa som avskaffa dødsstraff i grunnlova var Tyskland og Costa Rica i 1949. I Noreg var landssvik i krigstid knytt til dødsstraff fram til 1979 og den siste avrettinga (militær straffelov) vart utført i 1948. Den siste sivile dødsstraffa i Noreg vart utført i 1876.


~ Hogne 16. september 2011 kl. 13:11 (CEST)[svar]
God idé. Eg endra litt på tekstframlegget, håper det er greitt! --Ranveig 26. september 2011 kl. 13:26 (CEST)[svar]
Takk, alt vert betre med eit strok frå di hand! Egg legg over artikkelen! Hogne 26. september 2011 kl. 17:39 (CEST)[svar]