Wikipedia-diskusjon:Wikipedia på ulike språk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skal me ta med slikt som kvart språk sitt namn på språket sjølv eller alle wikimediaprosjekta? Er ikkje desse listene meir oppdaterte? [1] [2] [3] [4] Ta ein kik på listene og sei noko om kva som bør med. Får eg tid, set eg i gang. Lovar ingen ting.--Gamlevegen 5. februar 2009 kl. 03:04 (CET)[svar]

Spesial:SiteMatrix er oppdatert, sjølv om det ligg litt rusk innimellom (som dk og closed-zh-tw), og ligg også her som spesialside. Sjølv meta:Complete list of Wikimedia projects er ikkje komplett, Wikipedia på egyptisk arabisk (masri), som opna i november i fjor, er t.d. ikkje med der. På den andre sida er somme (alle?) av dei stengde wikiane fjerna frå lista, som aa.wikipedia.
Oppdatert er også meta:List of Wikipedias. Ho inneheld lenkje til artikkelen om språket på en.wikipedia og er difor den nyttigast av desse listene for meg.
Om det vert lagd til lenkje til artikkelen om språket også her vil det gjere lista nyttigare.
T.d. slik:
Wikipedia Språk,
norsk namn
Språk,
lokalt namn
Merknadar
aa afar Afar wikien er stengd
ab abkhasisk Аҧсуа
af afrikaans Afrikaans
ak akan Akana akan vert no rekna som ein språkfamilie
als alemannisk Alemannisch ligg på feil prefiks i forhald til ISO 639-2-koden, og skal truleg flyttat til prefikset gsw
am amharisk አማርኛ
an aragonesisk Aragonés
ang gamalengelsk Englisc utdøydd språk
arc syrisk nyarameisk ܐܪܡܝܐ
arz masri مصرى
as assamesisk অসমীয়া
ast asturiansk Asturianu
av avarisk Авар
ay aymara Aymar
az aserbajdsjansk Azərbaycan

--Jorunn 6. februar 2009 kl. 04:41 (CET)[svar]

Dette er jo veldig fint. Denne tabellen blir vel gjort ferdig i etappar. Her eller på prosjektsida eller ein annan stad?--Gamlevegen 6. februar 2009 kl. 18:42 (CET)[svar]

Neste etappe[endre wikiteksten]

No er den store tabellen - og litt til - på plass. Er det noko meir som bør vere med? Det er fint om nokon no kan hjelpe til med den vidare utforminga av sida.--Gamlevegen 22. mai 2009 kl. 00:54 (CEST)[svar]