Afar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Afar
Klassifisering Afroasiatisk
 Kusjittisk
  Austkusjittisk
   Saho-afar
    Afar
Bruk
Tala i  Etiopia
 Eritrea
 Djibouti
Afartalande i alt 1 440 000[1]
Skriftsystem Det latinske alfabetet
Offisiell status
Offisielt språk i Etiopia, Eritrea, Djibouti
Språkkodar
ISO 639-1 aa
ISO 639-2 aar
ISO 639-3 aar
Wikipedia på afar

Afar er eit kusjittisk språk som blir snakka i Afar-regionen i Etiopia, i Eritrea og Djibouti. Det er kanskje 1,5 millionar talarar, afarar, men det er berre mellom éin og tre prosent som kan skrive det. Som dei andre austkusjittiske språka har det ordrekkefølgja subjekt–objekt–verb. Det næraste slektspråket til språket er saho.

I Eritrea er afar eitt av ni nasjonalspråk som formelt nyt lik status, sjølv om tigrinja og arabisk har størst utbreiing i offisiell bruk. Det er daglege program på afar i radio og det finst òg ein omsett versjon av den eritreiske grunnlova. Skolegangen får afarane likevel på arabisk, som mange av dei brukar som andrespråk.

I Afar-regionen i Etiopia vert det brukt i nokre få skolar, men amharisk er bruksspråk i regionen.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Afar har fem vokalar, det klassiske femvokalssystemet, i, e, a, o, u. Vokalane kan vere korte eller lange. Lange vokalar blir skrive med to vokalsymbol.

  Labial Alveolar Retrofleks Palatal Velar Faryngal Glottal
Plosivar ustemt     t  [t]       k  [k]    
stemt   b  [b]   d  [d]   x  [ɖ]     g  [ɡ]    
Frikativar ustemt   f  [f]   s  [s]         c  [ħ]   h  [h]
stemt             q  [ʕ]  
Nasalar   m  [m]   n  [n]          
Approksimantar   w  [w]   l  [l]     y  [j]      
Flapp     r  [r]        


Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ethnologues tal frå 1998

Kjelder[endre | endre wikiteksten]