Wikipedia:Språkhjelp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bokmåls- og nynorskordboka[endre wikiteksten]

Bokmålsordboka og Nynorskordboka har ei vevteneste gratis tilgjengeleg på Internett. Denne er veldig nyttig til å sjekke språk, finna alternative ord og så bortetter. I tilleg til å gå inn på adressa over er det fleire andre måtar ein kan søka i ordboka på, særleg om ein brukar frie nettlesarar som til dømes Mozilla Firefox.

Aktivt bokmerke[endre wikiteksten]

Med Firefox (og truleg andre Mozilla-nettlesarar òg) kan ein oppretta bokmerke som blir direkte tilgjengelege med eit stikkord i adresselina åt nettlesaren. Ein kan då slå opp i ordboka ved å skriva «ordbok ordsomegvilvitameirom» i adresselina åt nettlesaren. Slik gjer du for å oppretta eit slikt bokmerke, instruksjonane er tilpassa engelsk versjon av Mozilla Firefox 1.0.7:

  1. Opne denne peikaren i nettlesaren.
  2. Legg til bokmerke for sida ved å gå til menyen «Bookmarks» > «Bookmark this page»: I feltet for «Name:» skriv du inn eit namn på bokmerket, til dømes «Bokmåls- og nynorskordboka», under «Create in» vel du kvar bokmerket skal ligga, det enklaste er å velja rota, altså «Bookmarks». Så kan du trykka på «OK» for å lagra bokmerket.
  3. Gå til menyen «Bookmarks» > «Manage bookmarks»: finn bokmerket som du akkurat la til, høgreklikk på det og vel «Properties».
  4. I boksen for properties er det eit felt for «Keyword», i dette feltet skriv du inn det ordet du vil bruka når du skal søka i ordboka, til dømes «ordbok» som me har brukt over. Trykk på «OK». No skal du kunne bruka ordboka ved å skriva til dømes «ordbok hoppe» i adresselina åt nettlesaren din.

Alternativ: I dømet over har me brukt ei adresse som søker i både bokmåls- og nynorskordboka. Dersom du vil ha eit bokmerke berre for bokmålsordboka brukar du denne peikaren, dersom du vil ha eit bokmerke berre for nynorskordboka brukar du ord denne peikaren.

Ordbøkene som søkeval[endre wikiteksten]

Norsk versjon av Mozilla Firefox blir levert med «Ordbok» som eit eige søkeval i det innebygde søkefeltet, dette er eit søk i bokmåls- og nynorsordboka.

Dersom du har ein nettlesar som støttar slike søkeval kan du installere det herifrå, velg «Dokpro».