Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 38, 2013
Den karolinske dødsmarsjen viser til den katastrofale tilbaketrekkinga til den svenske karolinske armeen kommandert av Carl Gustaf Armfeldt over fjella i Tydal i Trøndelag rundt nyår 1718-1719.
Etter at kong Karl XII døydde den 11. desember 1718 under omleiringa av Fredriksten i den store nordiske krigen, fekk alle dei svenske styrkane i Noreg ordre om å trekkje seg attende til Sverige. Armfeldt fekk melding om dødsfallet til Karl den 7. januar 1719, då styrken hans var i Haltdalen i Gauldal med om lag 6 000 mann. Han valde å ta den kortaste ruta til Sverige, først over fjella til Tydal (30 km) og frå der over Tydalfjella til fortet Hjerpe (50 km). Armeen var dårleg utstyrt og slitne etter felttoget i Trøndelag, og det var kald vêr og ein kraftig snøstorm råka området. Om lag 3 800 mann omkom og om lag 600 av dei 2 100 overlevande soldatane vart invalide for livet.
I Brekka Bygdetun i Tydal vert «Karolinerspelet» halde annakvart år i januar, som dramatiserer hendinga i dødsmarsjen. Les meir …