Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 14, 2009

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Izrael Poznańskis palass er mellom dei mest kjente landemerka i Łódź.

Łódź er den tredje største byen i Polen og er hovudsenteret for tekstil- og filmindustrien og elektronikk- og underhaldningsbransjen i Polen. Med sine universitet, teater, museum og den verdskjende filmhøgskolen er Łódź eit viktig akademisk og kulturelt senter.

Łódź fikk byretttar av kong Vladislav II Jagello i 1423. Stordomstida kom derimot først på byrjinga av 1800-talet. Den vesle jordbruksbyen, som i 1820 hadde knapt tusen innbyggjarar, vart då omdanna til eit av dei største sentra for tekstilindustri i Europa med over ein halv million innbyggjarar like før første verdskrigen braut ut. Dei to verdskrigane stansa den eventyrlege utviklinga. Łódź sin fleirkulturelle karakter gjekk tapt, der polakkar, jødar, tyskarar og russarar skapte ein smeltedigel i byen som vart kjent som «Det forjetta landet». Etter den andre verdskrigen vart Łódź den uoffisielle hovudstaden i landet fram til gjenoppbygginga av Warszawa. Den økonomiske overgangsperioden på 1990-talet tok knekken på tekstilindustrien i byen, men etter å ha satsa på nye teknologibransjar har næringslivet i Łódź fått eit nytt fundament. Det historiske 1800-talssentrumet i byen vert restaurert, og gamle fabrikkompleks vert revitaliserte. Les meir…