Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 36, 2008

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kattar mel ofte når dei er avslappa

Kattemaling (også kalla purring eller spinning) er ein lyd som nokre kattedyr lagar. (høyr! ) Detaljane i lyden varierer frå katt til katt (i styrke, tone, osb), og mellom dei einskilde katterasane, men kan generelt skildrast som ei låg summing eller murring. Nokre kattar mel so høgt at heile kroppen vibrerer. Kattepurr ligg mellom 27 og 44 hertz.

Når kattar mel sender hjernen rytmiske nervemeldingar til strupehovudet på katten; opp mot 25 meldingar i sekundet. Dette får stemmebanda til katten til å stramme seg og opne seg på annankvar nervemelding, og når stemmebanda er stramma kjem det praktisk tala ikkje noko luft gjennom strupehovudet. I kombinasjon med at katten pustar roleg og regelbunde oppstår det eit kort puff kvar gong stemmebanda vert stramma, og straumen av om lag 25 korte puff i sekundet dannar det vi kjenner som purrelyden. Les meir…