Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 38, 2008

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Dark Side of The Moon

Pink Floyd er eit britisk progressivt rockeband. Med poengterte tekstar, storslåtte lydbilete, lydeksperimentering, nyskapande platecover og sceneshow fylt med effektar er Pink Floyd eitt av dei største banda innan rocken. Bandet er på sjuandeplass på lista over artistar som har selt flest plater gjennom historia med over 200 millionar plater. Blant desse finn ein mellom anna The Dark Side of the Moon frå 1973, Wish You Were Here frå 1975, og The Wall frå 1979, plater som gav Pink Floyd status som eit av dei største banda i verda. Viktige medlemer som er eller har vore med i Pink Floyd er Syd Barrett, David Gilmour, Nick Mason, Roger Waters og Richard Wright. Les meir…