Syd Barrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Syd Barrett

Fødd6. januar 1946
FødestadCambridge
Død7. juli 2006 (60 år)
DødsstadCambridge
FødenamnRoger Keith Barrett
OpphavStorbritannia
Aktiv1964–1975
SjangerPsykedelisk rock, psykedelisk folk, bluesrock, eksperimentell rock, psykedelisk pop[1]
Instrumentgitar, banjo, ukulele, mandolin, slidegitar, piano, vokal
Kjende instrumentDanelectro DC-59
Fender Esquire
Tilknytte artistarPink Floyd
PlateselskapHarvest, EMI
Verka sommusikar, låtskrivar, artist

Roger Keith Barrett (6. januar 19467. juli 2006), kjend som Syd Barrett, var ein av grunnleggjarane av det britiske rockebandet Pink Floyd. Han var den fyrste frontfiguren i bandet, som låtskrivar, gitarist og hovudvokalist. Sjølv om musikkarrieren hans var kort på grunn av sviktande mental helse og utstrekt misbruk av det narkotiske stoffet LSD, har han hatt stor påverknad på artistar frå 60-talet og seinare. Den seinare suksessen til bandkollegaene hans og den mystiske forsvinninga hans frå rampelyset har bidrege til at det i starten av det 21. hundreåret framleis er ei enorm interesse rundt Barrett.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Syd Barrett var fødd i Cambridge. Han drøymde tidleg om å verte rockemusikar. Saman med skulekameraten David Gilmour brukte han all ledig tid på skulen til å øve på gitar, og då han og Gilmour som tenåringar overvar ein konsert med Bob Dylan var Syd Barrett hekta. Han gjekk heim og skreiv låten som vart innspela i 1970 som «Bob Dylan Blues», men som fyrst vart utgjeven på samlealbumet The Best of Syd Barrett: Wouldn't You Miss Me? i 2001.

Pink Floyd[endre | endre wikiteksten]

Etter at Nick Mason, Roger Waters og Richard Wright i eit års tid hadde mislukkast med å starte eit levedyktig band, kom dei tre i kontakt med Syd Barrett og gitaristen Bob Klose i 1965. Barrett gav bandet namnet «The Pink Floyd Sound» etter dei to amerikanske bluesartistane Pink Anderson og Floyd Council. Barrett skreiv dei fleste låtane til bandet, men det var fyrst då Bob Klose mot slutten av 1965 forlét bandet som no berre heitte «The Pink Floyd» at Barrett òg vart sologitarist. Etter kvart vart òg «The» sløyfa frå bandnamnet. Pink Floyd vart i løpet av kort tid eit stort namn på mange av undergrunnsscenene i London og etter at de fekk kontakt med managerane Peter Jenner og Andrew King, fekk Pink Floyd platekontrakt med EMI-selskapet Harvest. Barrett skreiv dei to fyrste singlane til bandet, «Arnold Layne» og «See Emily Play» som kom på høvesvis 20. og 6. plass på dei britiske singellistene.

Han skreiv 8 av 11 låtar åleine, og bidrog saman med resten av bandmedlemmene på to songar til på debutalbumet The Piper at the Gates of Dawn som vart utgjeve i 1967. Albumet vert den dag i dag rekna som ein milepåle innan psykedelisk musikk. Men allereie på denne tida var det klart at suksessen var i ferd med å verte for mykje for Syd Barrett. På konsertar kunne den utilreknelege oppførselen hans føre til at det nesten var umogleg for bandet å opptre. På ein konsert stod Barrett og stirra tomt ut i lufta medan han spela same akkord heile tida. Etter kvart fekk trommeslagaren i Pink Floyd, Nick Mason henta inn den gamle venen til Barrett frå Cambridge, David Gilmour, som det femte medlemmet. Fyrst var det meininga at Gilmour skulle fylle inn for Barrett under konsertane. Etter ei stund slutta Pink Floyd å plukke opp Barrett på konsertar, men dei håpte framleis at han kunne bidra som låtskrivar på albuma. Likevel skreiv han songen «Jugband Blues» på det neste albumet, A Saucerful of Secrets, samtidig som han spela på nokre av dei andre låtane. Bandet spela òg inn «Vegetable Man» og «Scream Thy Last Scream» til albumet, men desse vart droppa på grunn av de dystre tekstane. Barrett hadde òg ei skisse til ein fjerde song til A Saucerful of Secrets, men då bandet skulle øve inn «Have You Got It Yet» endra han tekst og melodi kvar gong dei kom til refrenget. Dette var det som fekk begeret til å renne over for dei andre bandmedlemmene, har Roger Waters seinare fortalt.

Solokarrieren[endre | endre wikiteksten]

Dei andre bandmedlemmene gløymde aldri Syd Barrett, og då han skulle lage det fyrste soloalbumet sitt, The Madcap Laughs, var David Gilmour produsent, med god hjelp frå Roger Waters, under siste del av innspelinga. Også Malcolm Jones og Peter Jenner bidrog som produsentar på eit album der innspelingane starta i slutten av 1968. Det vart fyrst utgjeve i januar 1970 og nådde ein 40. plass på dei britiske hitlistene etter generelt gode omtalar. Tekstane på albumet stadfesta Barrett sin fascinasjon for ei drøymande verd med eit figurgalleri som få andre kunne ha kome opp med. Allereie i februar same år starta innspelinga av det andre soloalbumet som rett og slett fekk namnet Barrett. Gilmour var igjen produsent, denne gongen saman med Richard Wright. Gilmour har seinare fått kritikk for måten han produserte albuma på, fordi han tok vare på fleire ubrukelege opptak av Barrett. Desse har i re-mastra versjonar vorte utgjevne i offisielle versjonar, og mange meiner at Barrett vert hengt ut i staden for at intensjonen om å gje ei meir autentisk oppleving av opptaka vert oppfylt. Barrett som vart utgjeven i november 1970 klarte i motsetnad til forgjengaren ikkje å nå opp på albumlistene i Storbritannia. Deprimert av dette og den generelle tilstanden sin, flytta Barrett heim til mor si i Cambridge der han vart buande resten av livet. Han prøvde ein kort periode å kome attende som musikar i bandet Stars i 1972 og gjorde nokre spede opptak til eit soloalbum i 1974.

Fleire artistar har gjort coverversjonar av Syd Barrett-låtar dei siste åra, som R.E.M., David Bowie, The Jesus and Mary Chain, Robert Smith (frå The Cure), The Smashing Pumpkins, Julian Cope, My Bloody Valentine, Captain Sensible (frå The Damned), Placebo og Robyn Hitchcock. Desse og fleire andre artistar har ikkje lagt skjul for fascinasjonen og beundringa si for Syd Barrett. Skodespelaren Johnny Depp sa i 2005 at han har planar om å lage ein film som tek utgangspunkt i livet til Syd Barrett.

Likevel er det ingen som har vore meir påverka av Syd Barrett enn dei gamle bandkameratane i Pink Floyd. Albumet Wish You Were Here er i stor grad ei hyllest av Syd Barrett, spesielt gjennom tittelsporet og på «Shine On You Crazy Diamond», der dei fyrste bokstavane i det fyrste, tredje og femte ordet kanskje ikkje er tilfeldig. Det som derimot var tilfeldig, var vedkomande som overraskande dukka opp under innspelingane av låten i Abbey Road Studios 5. juni 1975: Syd Barrett. Men den overvektige mannen med det glattbarberte hovudet som gjekk og bar på ein tannkost var ikkje lett å kjenne att, sjølv for tidlegare nære vener. Roger Waters og Richard Wright var dei som fyrst såg kven han var. David Gilmour, som same dag gifta seg med den fyrste kona si, Ginger, var i ferd med synge bakgrunnsvokalen på «Shine On...», og har fortalt at dei fekk sjokk av opplevinga. Syd Barrett hadde kome for å fortelje at han var klar for å slutte seg til gruppa att. Men det var eit tilbod som sjølv ikkje han tok alvorleg. Han forlét innspelingsstudioet. Dette var siste gongen dei tidlegare bandkollegaene hans såg han. Roger Waters har i seinare intervju ikkje lagt skjul på at han græt etter denne opplevinga.

Også på dobbeltalbumet til Pink Floyd, The Wall er hovudpersonen Pink delvis basert på skjebnen til Syd Barrett. Då David Gilmour heldt ein halvakustisk konsert i 2001 framførte han «Terrapin» frå Barrett sitt soloalbum, The Madcap Laughs. Då han følgde opp med ein miniturné i 2002 spela han ein jazzinspirert versjon av «Dominoes» frå Barrett. Då Pink Floyd spela saman att under Live 8 2. juli 2005 i London sa Roger Waters under introen av «Wish You Were Here»: - Vi gjer dette for dei som ikkje kunne vere tilstades her i kveld, og sjølvsagt spesielt for Syd.

Livet etter karrieren[endre | endre wikiteksten]

Dei siste 30 åra brukte Barrett stort sett tida på å måle, medan han levde eit enkelt liv. Han brukte berre fødenamnet sitt, Roger Keith Barrett. På grunn av den globale suksessen til Pink Floyd, og inntektene frå prosenthonorar, lei ikkje Barrett noko økonomisk naud. Systera hans, som hadde best kontakt med han på dei eldre dagane hans, var mellom familiemedlemmene som bad om at ålmenta respekterte ynsket hans om å få gå vidare med livet sitt i fred. Det hende rett nok berre i liten grad. Stadig vekk prøvde media og fans å kome i kontakt med Barrett, men dei vart i dei aller fleste tilfella avviste. Så seint som i forkant av Live 8-konserten vart det publisert ferske bilete av Barrett i britiske aviser, tekne på gata i Cambridge.

Fredag 7. juli 2006 døydde Roger Keith Barrett i all stille. Fyrst fire dagar seinare vart meldinga om dødsfallet offentleggjort verda over. Komplikasjonar i samband med sukkersjuka han hadde vore plaga av i mange år tok livet hans. Gravferda fann stad i det private rom - slik han hadde levd den siste halvdelen av livet sitt.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album med Pink Floyd[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Minneord[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]