Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 46, 2004

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ymse bestikk

Ein gaffel er ein reiskap som ein bruker til å halda fast eller løfta mat med. Dei fleste gaflar i dag er laga av stål, og har eit skaft med to eller fleire tindar som vanlegvis er kurva. Det er no veldig uvanleg å eta utan gaffel i Noreg, men det var ikkje alltid slik. Gaflar var ikkje i bruk her før det 18. hundreåret. Dei som var litt kultiverte åt med to knivar, som dei brukte både for å skjera maten og for å ta han frå tallerken til munnen. Men dei fleste åt berre med hendene.

Gaflar vart først brukt i Midtausten i det 10. hundreåret, for å halda kjøtt fast medan ein skar eller rista sausen av. Dei hadde berre to tindar, og begge var beine. Gaflar spreidde seg til Det bysantinske riket der dei snart blei veldig populære blant adelen. Sølvgaflar var mest vanlege, men rike familiar brukte gaflar av gull med edelsteinar på skafta. Les meir.