Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 7, 2005

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frauenkirche i Dresden
Frauenkirche i Dresden

Frauenkirche er tysk for [Vår] Frues kyrkje, og det finst fleire kyrkjer med dette namnet i Tyskland. Den mest kjende av desse er truleg den som står i Dresden. Kyrkja blei øydelagd under bombinga av Dresden den 13. februar 1945, men er i ferd med å bli bygd opp att, og er venta å stå ferdig hausten 2005.

Konstruksjonsarbeidet blir utført med gamle planar og materiale så langt det er mogleg. Bortsett frå kuppelen byggjer ein kyrkja frå gamle materiale som er funne i ruinhaugen. Kvar stein blei boren forsiktig vekk, målt og katalogisert, og med utgangspunkt i kvar han låg i haugen kunne ein rekna seg til kvar han opphavleg hadde vore. Les meir...