Wild Youth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wild Youth

Aktiv2016–
Sjangerpop, rock, moderne R&B, poprock, indierock

Wild Youth er eit irsk indiepopband skipa i Dublin i 2016. Gruppa består av vokalisten Conor O’Donohoe, trommeslagaren Callum McAdam og Ed Porter og David Whelan som begge spelar gitar og syng. Gruppa representerte Irland i Eurovision Song Contest 2023 med låten «We Are One».[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Wild Youth blei skipa i Dublin i 2016 av venane David Whelan, Ed Porter, Conor O'Donohoe og Callum McAdam. Musikkstilen til bandet blandar element av rock og r'n'b med gutegruppe-pop.[2] Året etter skipinga slapp kvartetten debutsingelen «All or Nothing». Songen fekk ein viss viral suksess, og gruppa fekk oppdrag som oppvarmarar for artistar som Zara Larsson og Niall Horan i Irland.[2]

Under eit radioarrangement jula 2017 blei bandet kjent med Danny O’Donoghue frå bandet Script. Saman drog dei til London for å spele inn musikk. Sommaren 2018 kom oppfølgjarsingelen «Can't Move On», som nådde plass 59 på den irske hitlista. Samstundes turnerte Wild Youth Europa rundt som oppvarmingsband for det irske rockebandet Kodaline. Bandet slapp ein ny singel «Making Me Dance» som gav ei ny listeplassering i Irland, og debut-EP-en The Last Goodbye nådde topp fem i Irland vinteren 2019.[2]

Sidan har Wild Youth turnert med artistar som Lewis Capaldi og Westlife. I tillegg har gruppa hatt fleire utselde turnear både i Irland og Storbritannia. Vokalist Conor O'Donohoe har også skrive fleire hittar for andre artistar og skrive låtar saman med banda Moncrief og Script.[3]

I 2023 var Wild Youth ein av deltakarane i den irske uttakinga til Eurovision Song Contest. Dei deltok med låten «We Are One», som dei skreiv med den Grammy-nominerte svenske låtskrivaren Jörgen Elofsson.[3] I den irske finalen fredag 3. februar 2023 vann dei ein klår siger og fekk representere Irland i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool. I eit intervju uttalte bandet at dei lenge hadde ønska å delta i Eurovision Song Contest.[3][4] Wild Youth deltok i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai 2023. Der enda dei på 12. plass og kvalifiserte seg ikkje til finalen.[1]

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

  • Conor O'Donohoe – keyboard, vokal
  • Callum McAdam – trommar
  • Ed Porter – vokal, gitar
  • David Whelan – vokal, gitar

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «WildYouth». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «WildYouth Biography, Songs, & Albums». AllMusic (på engelsk). Henta 5. februar 2023. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Ireland: Wild Youth are selected for Liverpool with 'We Are One'». eurovision.tv (på engelsk). 4. februar 2023. Henta 5. februar 2023. 
  4. Butler, Rachel (3. februar 2023). «Dublinband Wild Youth in running to represent Ireland at Eurovision 2023». DublinLive (på engelsk). Henta 5. februar 2023.