We Are One av Wild Youth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«We Are One»
Song av Wild Youth

Land Irland
Språk Engelsk
Utgjeve 26. januar 2022
Sjanger Pop, poprock
Lengd 03:03
Selskap Imperfectly Perfect Records
Komponist Jörgen Elofsson
Låtskrivar(ar) Conor O'Donohoe, Ed Porter, Jörgen Elofsson

«We Are One» (norsk omsetjing ‘vi er ein/eit’) er ein popsong frå 2023 med det irske bandet Wild Youth. Songen var det irske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

Bandmedlemmane Conor O'Donohoe og Ed Porter skreiv «We Are One» i Sverige saman med den svenske Grammy-nominerte låtskrivaren Jörgen Elofsson.[1]

Teksta handlar om tema som livet, samhald og fridom. Frontfigur O'Donohoe seier låten er inspirert av Eurovision Song Contest, blant anna av korleis tevlinga sameiner menneske.[2]

Wild Youth sende «We Are One» til den irske uttakinga til Eurovision Song Contest og blei plukka ut til å delta i den irske finalen fredag 3. februar 2023. Der vant dei til slutt tevlinga og fekk representere Irland i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool. Låten deltok i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai 2023. Der blei han nummer 12 av 15 bidrag og kvalifiserte seg ikkje til finalen laurdag 13. mai.[3][4]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2023) Høgaste
plassering
 Irland (IRMA)[5] 93
 Irland Airplay[6] 7

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ireland: Wild Youth are selected for Liverpool with 'We Are One'». eurovision.tv (på engelsk). 4. februar 2023. Henta 6. februar 2023. 
  2. «WildYouth: “When writing music I just sit at the piano, and see where my fingers take me”». ESCBubble (på engelsk). Henta 6. februar 2023. 
  3. Mallon, Sandra (4. februar 2023). «WildYouth to represent Ireland at Eurovision 2023 after Late Late vote». Irish Mirror (på engelsk). Henta 6. februar 2023. 
  4. «FirstSemi-Final of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023. 
  5. «IRMA– Irish Charts». Irish Recorded Music Association. Henta 11. februar 2023. 
  6. «IrishRadio Airplay Chart». www.ukairplaychart.com. Arkivert frå originalen 17. mai 2023. Henta 18. mai 2023.