Wilhelm Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wilhelm Hansen
Fødd 7. oktober 1776
Vestby
Død

3. oktober 1851
Fredrikshald

Yrke politikar, trelasthandlar, forretningsdrivande

Wilhelm Hansen (7. oktober 17763. oktober 1851) var ein norsk kjøpmann, trelasthandlar og stortingsmann busett i Fredrikshald.

Hansen var fødd på garden Tunheim i Vestby, som faren dreiv jamsides ein ustrekt handel med trelast. Etter han fekk merkantil utdanning i England, busette Hansen seg i Fredrikshald i 1807. Her slo han seg opp som kjøpmann og trelasthandlar, og gjorde det så godt at han kunne kjøpe opp mange eigedomar. Mellom anna løyste han ut farsgarden Tunheim på odel, ein gard som Bernt Anker hadde ått i nokre år.

Hansen representerte Fredrikshald på det fyrste overordentlige Storting i 1814. Valet til Stortinget vart forkasta med 74 røyster mot 1, på grunn av at han hadde avlagt truskapseiden til den svenske kongen. Men etter at det vart vedteke å godkjenne unionen den 11. november, møtte han fram på tinget. Hansen var seinare stortingsmann for same krinsen både i 1824 og 1830. Ved begge desse tingsamlingane var han medlem av komiteen om gasjar, pensjonar, budsjett- og skattestell, samt kjøpstadskatten. I 1824 var han også med å handsame statskassa sine krav mot Møller & Co., medan han i 1830 fekk sete i Lagtinget frå 27. juni. Hansen var forlikskommissær i mange år.

Han døydde i Fredrikshald i 1851.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]