Wilhelmine Mimi Johnson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wilhelmine Mimi Johnson
Fødd 1. august 1890
Tynset
Død

12. januar 1980 (89 år)
Skedsmo

Yrke geolog, lege

Wilhelmine Mimi Johnson, òg kjend som «Mimi Johnson», (1. august 18901980) var ein norsk geolog frå Tynset. Ho var ferdig utdanna bergkandidat frå Universitetet i Oslo allereie i 1912. Som landets første kvinnelege geolog arbeidde ho i fleire år nært med både W.C. Brøgger og V.M. Goldschmidt. Ho var tilsett ved Noregs geologiske undersøking og ho var mellom anna ein av de første til å ta bilete i gruvene på Kongsberg.

I 1930 braut ho med geologien. Ho starta på legestudiet og hadde eigen legepraksisLillestrøm frå 1940 til 1975.