Waldemar Christofer Brøgger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Waldemar Christofer Brøgger
Waldemar Christofer Brøgger2.jpg
Fødd10. november 1851
Christiania
Død17. februar 1940
Oslo
NasjonalitetNoreg
Områdegeologi, petrografi
Yrkegeolog, mineralog, universitetslærar, kurator
InstitusjonarStockholms universitet
BarnAnton Wilhelm Brøgger
MedlemRoyal Society
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Kungliga Vetenskapsakademien
Kungliga Fysiografiska Sällskapet i Lund
American Academy of Arts and Sciences
Kungliga Vetenskaps- och Vitterhetssamhället i Göteborg
Det russiske vitskapsakademiet
Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Det bayerske vitskapsakademiet
W.C. Brøgger som universitetsrektor i 1911

Waldemar Christofer Brøgger (fødd 10. november 1851 i Christiania, død 17. februar 1940) var ein norsk geolog og universitetsrektor[1]. Waldemar Christofer Brøgger var son av boktrykkaren Anton Wilhelm Brøgger, far til arkeologen og politikaren Anton Wilhelm Brøgger, farfar til forfattaren og omsetjaren Waldemar Christoffer Brøgger[2] og oldefar til antropologiprofessoren og skribenten Jan Brøgger.

Utdanning og karriere[endre | endre wikiteksten]

Han tok artium ved Christiania Katedralskole i 1869 og anneneksamen i 1870. Deretter studerte han realfag og zoologi under professor Theodor Kjerulf. Den tidlege forskinga hans førte til avhandlinga Über Apatitvorkommnisse im südlichen Norwegen (saman med Hans Reusch, 1875). Brøgger vart så like etter tilsett i Noregs geologiske undersøkingar som assistent og arbeidde vesentleg på Korsika og Elba.

Han vart amanuensis mineral-kabinettet ved Universitetet (1876), stipendiat (1878) før han i 1881 vart utnemnd til professor i geologi og mineralogi ved Stockholms högskola. Han overtok professoratet til Kjerulf i Christiania (1890) og vart der til 1917 for å vie seg heilt til forsking. Frå 1906-1911 var han den første rektoren ved universitetet.

Han var ein viktig person under unionsoppløysinga med Sverige rundt 1905.[3] Professor Brøgger vart sendt til Stockholm som hemmeleg agent for å sjå dei svenske reaksjonane.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Brøgger mottok fleire ordenar og utmerkingar for virket sitt.[4] Han vart i 1895 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden og vart i 1902 forfremma til kommandør med stjerne. I 1911 vart han tildelt storkrossen av St. Olavs Orden «for videnskabeleg fortjeneste og fortjeneste av Universitetet». Han fekk storkrossen av Finlands kvite rose, var kommandør av første klasse av den svenske Nordstjerneordenen og riddar av Dannebrogordenen. Han vart utnemnd til kommandør av den franske Æreslegionen og av Italias kroneorden. Brøgger var innehavar av 1. klasse av Den prøyssiske krone-ordenen og 2. klasse av den russiske Sankt Stanislaus-ordenen.

Brøgger vart utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Heidelberg, Universitetet i Oxford, Universitetet i Cambridge og Stockholms universitet. Han vart løna med Murchisonmedaljen i 1891 og med Gunnerusmedaljen i 1927.

Brøggerhalvøya, Brøggerbreane og BrøggertindenSpitsbergen er kalla opp etter han. Brøgger er òg avbilda på eit norsk frimerke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Geir Hestmark (1999). «Vitenskap og nasjon : Waldemar Christofer Brøgger 1851-1905». Oslo: Aschehoug. ISBN 82-03-22391-5. 
  2. A. W. Brøgger (1931). Slekten Brøgger : med oplysninger om familiene Bader, Bjerring, Breda, Lem, Lie, Siewers, Ursin. Oslo: Brøggers trykkeri. 
  3. TV-program 2005: Tre menn og eit glansbilete. Norsk Rikskringkasting. Tilgjengeleg på [1]
  4. Den Kongelege norske Sankt Olavs orden 1847-1947, gjeve ut av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Oslo: Grøndahl & Søns Forlag, 1947, s. 19.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]