Wissembourg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wissembourg
by
Land  Frankrike
Region Grand Est
Departement Bas-Rhin
Høgd 160 m
Areal 48,18 km²
Folketal 8 170  (1999)
Folketettleik 160 / km²
Tidssone CET (UTC+1)
Postnummer 67160
Kart
Wissembourg
49°2′15″ N 7°56′46″ E
Wikimedia Commons: Wissembourg

Wissembourg (tysk Weißenburg) er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Bas-Rhin i regionen Grand Est,[1] og har om lag 8 000 innbyggjarar. Han ligg ved den litle elva Lauter nær grensa til Frankrike og Tyskland, om lag så langt aust i Frankrike ein kjem. Namnet Wissembourg er ei fransk utgåve av Weißenburg (Weissenburg) på tysk, som tyder «kvit ås/kvit by» eller «kvit stad».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Benediktinarane rundt byen grunnla han på 600-talet, kanskje med Dagobert I som beskyttar. Ved klosteret komponerte munken Otfried på 800-talet ein evangelieharmoni, dei første viktige versa på tysk nokon gong.

Det vart bygd festningsverk i byen på 1200-talet. I 1354 oppretta Karl IV ei gruppe på ti byar kalla Decapolis, som ikkje vart annektert av Frankrike under Ludvig XIV i 1678. 25. januar 1677 øydela ein brann mange hus og Hôtel de Ville i byen. Mange tidlege bygningar overlevde derimot. Maison de Stanislas var tilfluktstaden til Stanislas Leczinski, tidlegare konge i Polen, frå 1719 til 1725. 3. april 1725 bad Ludvig XV om handa til dottera hans.

Slaget ved Wissembourg fann stad 4. august 1870. Det vart det første slaget under den fransk-prøyssiske krigen. Det franske tapet i slaget gjorde at den prøyssiske hæren kunne flytte inn i Frankrike. Geisburgmonumentet står til minne om hendinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Commune de Wissembourg (67544) − COG | Insee», www.insee.fr, henta 20. mai 2023 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Wissembourg