Bas-Rhin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bas-Rhin
Våpenskjoldet til Bas-Rhin
Plassering
Plasseringa til Bas-Rhin i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 67
Region: Alsace
Préfecture: Strasbourg
Sous-préfectures: Haguenau
Molsheim
Saverne
Sélestat
Wissembourg
Arrondissement: 7
Kantonar: 44
Kommunar: 526
Président du conseil général: Philippe Richert
Statistikk
Folketal Rangering 18.
 -1999 1 026 120
Folketettleik: 216/km²
Landareal¹: 4 755 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Bas-Rhin (Nedre Rhinen) er eit departementet nordaust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Alsace, og er kalla opp etter elva Rhinen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bas-Rhin er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Alsace.

På midten av 1790-talet, då Frankrike okkuperte heile den venstre breidda av Rhinen, vart den nordlege grensa av departementet strekt nordover forbi Lauter til elva Queich for å inkludere områda rundt Annweiler am Trifels, Landau in der Pfalz, Bad Bergzabern og Wörth am Rhein. Då Napoleon tapte slaget ved Waterloo i 1815 gav Wienkongressen områda nord for Lauter tilbake til Bayern og Tyskland, og desse områda ligg i dag i Rheinland-Pfalz.

Departementet har to gonger vorte innlemma i Tyskland. Frå 1871 (etter Frankrike tapte den fransk-prøyssiske krigen til slutten av den første verdskrigen i 1918, og igjen ei kort tid under den andre verdskrigen (1940 til 1945).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Rhinen har alltid vore historisk og økonomisk svært viktig for området, og dannar i dag den austlege grensa av Bas-Rhin. Området inneheld òg foten av fjellområdet Vogesane.

Departementet er i dag ein del av regionen Alsace. Nord i Bas-Rhin ligg Pfälzerwald i Rheinland-Pfalz i Tyskland, Baden-Württemberg ligg i aust. I sør ligg departementet Haut-Rhin, byen Colmar og sørlege delar av Alsace, og i vest ligg departementet Moselle i Lorraine.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Bas-Rhinois.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bas-Rhin