World of Goo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
World of Goo
World of Goo Logo.png
Utviklar(ar)2D Boy
Utgjevar(ar)Nintendo
Plattform(er)Nintendo Switch, Wii, Microsoft Windows, MacOS, Linux
UtgjevingWii
NA: 13. oktober 2008
EU: 19. desember 2008

Microsoft Windows
NA: 13. oktober 2008
EU: 12. desember 2008
MacOS
INT: 2. november 2008
Linux
INT: 12. februar 2009

Nintendo Switch
INT: 3. mars 2017
SjangerHjernetrim
SpelemodusEinspelar

World of Goo er eit hjernetrimspel utvikla av 2D Boy for Wii, Nintendo Switch, Microsoft Windows, OS X og Linux. Spelet vart lansert på Microsoft Windows og Wii i 18. oktober 2008 i Nord-Amerika, med utgjevingar på MacOS, Linux og Nintendo Switch dei etterfølgande åra.

Spelemekanikkar[endre | endre wikiteksten]

Den grunnleggande spelmekanikken i World of Goo.

Spelet bygger på konseptet for å bygge store strukturar ve då bruke ballar av kliss. Spelet er delt inn i fem kapittel, som kvart inneheld fleire nivå. Kvart nivå har ein eigen grafisk og musikalsk stil. Eit ekstra rom i spelet, kalla World of Goo Corporation, lèt ein bygge ein så høgt tårn som mogeleg ved å bruke klissballane som spelaren har samla inn gjennom nivåa i spelet. Spelarar frå heile verda kan tevle om å bygge det høgaste tårnet, ettersom høgda på tårnet og talet på klissballar stadig blir lasta opp til sørvaren til 2D Boy.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]