Xiao Qin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Xiao Qin


Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 12. januar 1985 (39 år)
Nanjing
Idrett turn
Tok del i

Sommar-OL 2004, Asialeikene 2006, Turn under Sommer-OL 2008 – Bøylehest menn

Xiao Qin (fødd 12. januar 1985) er ein kinesisk tidlegare turnar frå Nanjing. Han vann i tida 2003-08 seks VM-gull og to OL-gull. Xiao var spesialist i bøylehest og vart verdsmeister i øvinga tre år i rad, og deretter olympisk meister 2008.

Xiao fekk sølvmedalje i bøylehest ved verdsmeisterskapen 2001 og på ny i 2002. I Turn-VM 2003 i Anaheim var han med i det kinesiske mannskapet som sigra i lagtevlinga. To år seinare triumferte han i bøylehest ved Turn-VM 2005 i Melbourne. Xiao vann bøylehest-øvinga både under Turn-VM 2006 i Århus og Turn-VM 2007 i Stuttgart, i tillegg fekk han i begge meisterskapane gull i lagtevlinga med Kina. Også under Sommar-OL 2008 i Beijing vann han gullmedalje i bøylehest og i lagtevlinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]