Yacouba Isaac Zida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Yacouba Isaac Zida
Photo de SEM Yacouba Isaac Zida.jpg
Fødd 16. november 1965 (53 år)

Yako i Øvre Volta (no Burkina Faso)

Parti Sjølvstendig
1. verv President i Burkina Faso
 - periode (1. november-18. november 2014)
 - føregangar Blaise Compaoré
 - etterfylgjar Michel Kafando
2. verv Statsminister i Burkina Faso
 - periode (19. november 2014-)
3. verv Forsvarsminister i Burkina Faso
 - periode (23. november 2014-)

Yacouba Isaac Zida (fødd 16. november 1965) er ein burkinsk offiser som ei kort tid var president for Burkina Faso etter at Blaise Compaoré blei avsett. Deretter blei han statsminister i overgangsregjeringa leia av Michel Kafando.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Zida er fødd i Yako nord i landet. Han studerte engelsk ved Universitetet i Ouagadougou før han gjekk inn ved militærakademiet Georges Namoano de Pô. Han har også ein mastergrad i internasjonal leiing frå Université Lyon III.[1] Han snakkar mossi (mòoré), dioula, fransk og engelsk flytande.

Militært har Zida oppnådd graden oberstløytnant. Han har hatt fleire utanlandske oppdrag, og verka mellom anna i fredsbevarande styrkar for SN i Den demokratiske republikken Kongo frå 2008 til 2009.[1] Under president Blaise Compaoré var han nestkommanderande for tryggleikstyrkane til presidenten, Régiment de la Sécurité Présidentielle.[2] Han mottok antiterrorismetrening frå den amerikanske hæren i 2012.[3]

Oppreist[endre | endre wikiteksten]

Då det braut ut store demonstrasjonar i Burkina Faso i oktober 2014, hadde Zida i oppgåve å verna presidentpalasset Kossayam i Ouagadougou. Han skal ha gått over til demonstrantane si side då han fekk ordre om å skyta på dei.

31. oktober gjekk president Compaoré av etter 27 år ved makta, og flykta frå landet. Militærleiaren Honoré Traoré annonserte kort tid etterpå at han skulle ta over makta. Same kveld gjekk Yacouba Isaac Zida gjekk ut og annonserte at han skulle leia ei overgangsregjering.[4] Zida hadde støtte frå fleire unge offiserar, og fekk snart det meste av hæren bak seg.[5]

17. november 2014 blei den sivile diplomaten Michel Kafando vald til nytt statsoverhovud i overgangsregerjgina, og han blei teken i eid dagen etter.[6] Zida blei så utnemnd til statsminister den 19. november.[7] I tillegg til denne rolla fekk Zida også stillinga som forsvarminister i regjeringa utnemnd den 23. november.[8][9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Press TV, . (3 November 2014). «Zida, le nouvel homme fort du Burkina Faso». PressTv.In. Henta 3 November 2014. 
  2. Press TV, . (1 November 2014). «2nd Burkinabe Army Commander Declares Himself President». PressTv.In. Henta 2 November 2014. 
  3. Burkina Faso: Not so pretty now, economist.com.
  4. «Two feuding army chiefs both claim power after Burkina Faso's president resigns, flees the country». ABC (Australia). 1 November 2014. Henta 1 November 2014. 
  5. «Burkina Faso Has New Leader». VOA. Henta 1 November 2014. 
  6. «Kafando sworn in as Burkina Faso transitional president», Reuters, 18 November 2014.
  7. Mathieu Bonkoungou and Nadoun Coulibaly, «Burkina Faso names army colonel Zida as prime minister», Reuters, 19 November 2014.
  8. «Le gouvernement de la transition est connu», Lefaso.net, 23 November 2014
  9. «Transitional government appointed in Burkina Faso», Reuters, 24 November 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]