Yanomamiar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Unge yanomamiar.
Felleshuset, shapono, samlar alle familiar i eit samfunn. Kvar familie har eigne hengjekøyer og eldstad, elles er det stor kollektivisme i gruppa som bur i bygningen.

Yanomami, òg kjent som yąnomamö, er eit samfunn av urfolk med eit opphavleg territorium som ligg i ca.1000 meters høgde over havet i Sierra Parima på vasskilet mellom Orinoco og Amazonaselva, i grensetrakta mellom Brasil og Venezuela. Territoriet til yanomami breier seg ut over delar av to delstatar i begge land: Bolívar og Amazonas i Venezuela samt statane Roraima og Amazonas i Brasil.

Yanomami er ei etnisk gruppe som er delt inn i fire undergrupper: sanumá, yanomam, tanomano og yanam. Gruppene har eigne språk av språkgruppa yanomaman, av somme rekna som eitt språk med dialektar. Yanomamifolk lever som halvnomadiske jegerar, hagebrukarar og fiskarar. Frå 1960-talet og frametter har storsamfunnet trengt seg inn på territoriet til yanomami og på 1980-talet gjekk det føre seg utnytting av naturressursar mellom anna av gull. Verksemda skapte problem for folket og har truga eksistensen. Inntrengjarar i samband med ressursutnytting og misjon førte med seg sjukdomar som ikkje yanomamiar hadde motstand mot. Mellom anna døydde fleire hundre av influensa og meslingar som vart bringa inn av inntrengjarar, i ein periode vart det registrert av 15 % av folkesetnaden døydde ut. Dei fekk òg problem med malariasmitte som kom inn i territoriet.

I 1991 oppretta brasilianske styresmakter eit reservat på 94 000 km². I 2003 var ca. 13 500 yanomamiar busette i reservatet i Brasil. I 2006 var det registrert 16 000 yanomamiar fordelt på 255 landsbyar i Brasil. Ein reknar at folkesetnaden i Venezuela er ca. 12 000. Med ein samla folkesetnad på ca. 26 - 30 000 er yanomami det største kjente samfunn av regnskogfolk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]