Yapacanamaurfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Yapacanamaurfugl

Status i verda: LC Livskraftig


Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Thamnophilidae
Slekt: Aprositornis
Art: A. disjuncta
Vitskapleg namn
Aprositornis disjuncta
Friedmann, 1945

Yapacanamaurfugl, Aprositornis disjuncta, er ein fugl i maurfuglfamilien. Arten finst i Brasil, Colombia og Venezuela. Han har habitat i subtropisk til tropisk våt låglandsskog. I Venezuela òg i savanne med bambus eller anna tett vegetasjon, og lever lågt i vegetasjonen opp til 100 moh. Utbreiinga i Venezuela ligg i Yapacana, lengst sørvest i Amazonas i Venezuela.

Yapacanamaurfugl er 13,5 centimeter i lengd og veg 14 til 15 gram. Hannfuglen har gjennomgåande mørk gråblå overside med lysare underside, to vengeband med små kvite flekker. Hoa har gulbrunt i undersida og manglar vengeband.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hilty, Steven L. (29. november 2002). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. ISBN 0713664185. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Yapacanamaurfugl