Ylvesøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ylvesøya
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bømlo
Gardnummer 30

Ylvesøya
59°52′32″ N 5°5′24″ E

Ylvesøya, Ylvesøyo eller Ølvesøyo er ei øy i Fitjarøyane i Bømlo kommune. Fram til 1990-åra høyrte ho til Fitjar kommune. Ho ligg mellom Vikøyo i aust, Goddo i sør, Utslåttøyo i sørvest og Gisøyo i nord. I vest ligg Søre Osen og storhavet.

Fv18 kryssar austsida av øy med bru frå Furuholmen og Goddo i sør og bru til Vikøyo i nord. Vegen endar opp i Brandasund på Gisøyo.

Garden[endre | endre wikiteksten]

Garden på øya er ein av dei eldste i Brandasundsøyane og er nemnd første gongen i 1638. Han vart rekna som husmannsplass fram til 1723, då han vart skyldsett som eigen gard.

Furuholmen er ei lita øy like sør for Ylvesøyo. Dette var eit plass som høyrte til garden på Ylvesøyo, før det vart skilt ut som eige bruk i 1913.

I 1872 vart garden kjøpt av brukarane.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet på øya har vorte skrive på mange forskjellige måtar. Første leddet i namnet kjem frå mannsnamnet Ølver. Garden er kalla opp etter øya han ligg på.

Namnet vart skrive Ullnesøy i 1638, Ølvesøen i 1650, Øluesund i 1657, Olffuesøen i 1669, Ølvesund i 1718, Elvesøe Sundet i 1720, Ølversund i 1733, Elvesøen i 1735, Ulversund og Ulvesund i 1756, Ølversøen i 1801, Ølversund eller Ølvesø i 1838 og Ylvesund i 1890. Alle variantane med «sund» i namnet har hatt opphav i ei feilskriving.

Slektsnamnet frå garden er Ulversøy. Furuholm og Furunes er slektsnamn frå Furuholmen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge. 1. Fitjar.