Yoann Gourcuff
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Yoann Miguel Gourcuff | ||
| Fødd | 11. juli 1986 | ||
| Fødestad | Ploemeur i Frankrike | ||
| Høgd | 186 cm | ||
| Posisjon | Midtbanespelar | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Olympique Lyonnais | ||
| Nummer | 29 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| 1997-2001 1998-2001 2001-03 |
| ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 2003-06 2006-09 2008-09 2009-10 2010- |
|
66 (6) 36 (1) 37 (12) 32 (6) 1 (0) | |
| Landslag | |||
| 2006-08 2008- |
|
18 (4) 22 (1) | |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga ‡ Landslagsmål oppdatert 22. juni 2010 | |||
Yoann Miguel Gourcuff (fødd 11. juli 1986 i Ploemeur i departementet Morbihan) er ein bretonsk fransk fotballspelar. Han har spela på midtbanen for Lyon i Ligue 1 og det franske landslaget.
Gourcuff er son av Christian Gourcuff, trenaren til førstedivisjonslaget Lorient, der Gourcuff begynte karrieren sin. Han drog til Rennes i 2001 og debuterte på seniornivå der. Frå 2006 til 2009 spelte han for den italienske toppklubben Milan, men vart aldri fast på A-laget der. I 2008 gjekk han på lån til Bordeaux, og i 2009 vart overgangen permanent. Han vart kåra til årets franske spelar og årets spelar i Ligue 1 i 2009.
Gourcuff debuterte for Frankrike sitt A-landslag 20. august 2008 som innbytar i ein vennskapskamp mot Sverige. Han skåra det første landslagsmålet sitt mot Romania 11. oktober 2008. Under kvalifiseringskampane til fotball-VM i 2010 spelte Gourcuff fast som offensiv midtbanespelar for Frankrike.