Thierry Henry
![]() Thierry Henry i 2013 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Thierry Daniel Henry | ||
Fødd | 17. august 1977 (46 år) | ||
Fødestad | Les Ulis i Frankrike | ||
Høgd | 188 cm | ||
Posisjon | Spiss, ving | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1994-1999 | Monaco | 105 | (20) |
1999 | Juventus | 16 | (3) |
1999-2007 | Arsenal | 254 | (174) |
2007-2010 | Barcelona | 80 | (35) |
2010-2014 | Red Bulls | 122 | (51) |
2012 | → Arsenal (lån) | 4 | (1) |
Totalt | 581 | (284) | |
Landslag | |||
1997-2010 | Frankrike | 123 | (51) |
Trenar for | |||
2018-2019 | Monaco | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Thierry Daniel Henry (fødd 17. august 1977 i Les Ulis i Frankrike) er ein fransk landslagsspelar i fotball. Han er angrepsspelar, og spelar no for det spanske Primera Division-laget FC Barcelona.
Henry er kjend for evna si til å komme rundt forsvararar med sitt rykket sitt, den store farten sin og den gode ballkontrollen. I tillegg til å vere ein stabil målscorar i Arsenal, med godt over 20 mål per sesong i gjennomsnitt, er han òg svært ofte nest sist på ballen.[1] Han vert òg rekna som ekspert på dødballar, og tek både straffespark og frispark for Arsenal.
Frå 1993 til 1998 spela Henry i det franske topplaget AS Monaco. Etter suksessen i VM i 1998 vart han seld til det italienske storlaget Juventus. Etter eit halvt år der drog han saman med sine franske vener Patrick Vieira og Emmanuel Petit til Arsenal, som då vart trena av Arsène Wenger. Der utvikla Henry seg til å verte ein spelar på verdsnivå. Han vart toppskårar i Premier League i både 2004/05-sesongen (25 mål) og 2005/06-sesongen (27 mål).
Tysdag 18. oktober 2005 tangerte han fyrst Ian Wright sin rekord på 185 klubbmål for Arsenal, før han sette ein ny rekord med eit mål meir for London-klubben. Dette hende då han scora begge måla i 2–0-sigeren over Sparta Praha i ein Meisterliga-kamp.
Hausten 2005 gjekk det rykte om at Henry var på veg til FC Barcelona eller Juventus. I 2007 blei han Barcelona-spelar.
Karriere som spelar[endre | endre wikiteksten]
Klubb | Ligakampar | Ligamål | Periode |
---|---|---|---|
![]() |
105 | 20 | 08/1995–01/1999 |
![]() |
16 | 3 | 01/1999–08/1999 |
![]() |
241 | 166 | 08/1999– |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Sjå oversikt over mål og målgjevande på Yahoo Sports