Steve Mandanda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steve Mandanda
Personleg informasjon
Fullt namn Steve Mandanda
Fødd 28. mars 1985
Fødestad Kinshasa
Høgd 187 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Marseille
Nummer 30
Ungdomsklubbar
2001-05 Frankrike Le Havre
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2005-07
2007-
Frankrike Le Havre
Frankrike Marseille
67 (0)
325 (0)
Landslag
2003-06
2008-
Frankrike Frankrike U21
Frankrike Frankrike
17 (0)
21 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 6. mars 2016
‡ Landslagsmål oppdatert 7. desember 2015

Steve Mandanda (fødd 28. mars 1985 i Kinshasa) er ein kongolesisk-fransk fotballspelar som har spela som keeper for Marseille i fransk Ligue 1, og for det franske landslaget. Han vart fransk seriemeister i 2010 med Marseille. I 2008 vart han kåra til årets keeper i Ligue 1, ei bragd som han gjentok i 2011, 2015 og 2016. Han debuterte for A-landslaget 27. mai 2008 i ein vennskapskamp mot Ecuador, som Frankrike vann 2-0. Han var med i Frankrike sin tropp til fotball-EM i 2008 som ubrukt reserve. På starten av VM-kvalifiseringa til fotball-VM i 2010 var han førsteval som landslagskeeper, men sommaren 2009 vart han erstatta av Hugo Lloris, og under fotball-VM i 2010 var han andreval på keeperplassen. I 2012 var han òg med i EM-troppen som ubrukt reservekeeper.