Yooka-Laylee and the Impossible Lair
| Yooka-Laylee and the Impossible Lair | |||
| Utviklar(ar) | Playtonic Games | ||
|---|---|---|---|
| Utgjevar(ar) | Team17 | ||
| Distributør | Steam, Epic Games Store, Nintendo eShop, Amazon Luna, PlayStation Store, Humble Store, GOG.com, Microsoft Store | ||
| Komponist(ar) | Grant Kirkhope David Wise Matt Griffin Dan Murdoch | ||
| Serie | Yooka-Laylee | ||
| Spelmotor | Unity | ||
| Plattform(er) | Microsoft Windows PlayStation 4 Xbox One Nintendo Switch | ||
| Utgjeving | 8. oktober 2019 | ||
| Sjanger | Plattform | ||
| Spelemodus | einspelar | ||
| Nettstad | https://www.playtonicgames.com/ | ||
| Del av serien Yooka-Laylee⠀ | |||
| ←Yooka-Laylee · | |||
Yooka-Laylee and the Impossible Lair er eit plattformspel utvikla av Playtonic Games og utgjeve av Team17. Det er ein spin-off av Yooka-Laylee frå 2017, og vart utgjeve digitalt til Microsoft Windows, PlayStation 4, Xbox One og Nintendo Switch i oktober 2019, der dei tre sistnemde plattformene òg fekk fysiske utgjevingar i ettertid.[1]
Spelet er eit sidescrollande plattformspel i 2D, der spelaren kontrollerer kameleonen Yooka og flaggermusa Laylee for å fullføre ulike nivå. I nivåa er målsettinga å samle fjører og spesielle myntar, i tillegg til å frigjere ein «Beetalion»-medlem. Desse medlemmene gjev Yooka og Laylee ein ekstra sjanse som dei kan bruke i det endelege og vanskelegaste nivået i spelet.
Eit særtrekk med spelet er at det er mogeleg å gå inn i det siste nivået kva tid som helst i spelet, sjølv om spelet oppmodar spelaren til å først sikre seg ekstra sjansar ved å greie dei andre nivåa først. Kvart nivå i spelet har òg alternative utgåver, som spelaren kan aktivere med å gjere ting i hubverda som koplar nivåa saman.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Yooka-Laylee and the Impossible Lair – Release Date Announcement!». Team 17. 2019-09-03. Henta 2020-10-17.
{{cite web}}: CS1 maint: url-status (link) - ↑ «Yooka-Laylee-oppfølgeren lar deg forandre på brettene – ny trailer viser hvordan». Gamer.no. 2019-07-23. Henta 2020-10-17.