Yooka-Laylee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yooka-Laylee

Utviklar(ar)Playtonic Games
Utgjevar(ar)Team17
DistributørSteam, GOG.com, Humble Store, Nintendo eShop, Microsoft Store, PlayStation Store, Epic Games Store
Kreativt ansvarleg(e)Chris Sutherland
Komponist(ar)Grant Kirkhope
David Wise
Steve Burke
SerieYooka-Laylee
SpelmotorUnity
Plattform(er)Microsoft Windows
MacOS
Linux
PlayStation 4
Xbox One
Nintendo Switch
UtgjevingWindows, MacOS, Linux, PS4, Xbox One
11. april 2017
Nintendo Switch
14. desember 2017
SjangerPlattform
Spelemodusfleirspelar, einspelar, samarbeid
AldersgrensePEGI 7
Nettstadhttp://www.playtonicgames.com/games/yooka-laylee/
Del av serien Yooka-Laylee⠀
Yooka-Laylee and the Impossible Lair→

Yooka-Laylee er eit plattformspel utvikla av Playtonic Games og utgjeve av Team17. Det vart utgjeve til Microsoft Windows, macOS, Linux, PlayStation 4 og Xbox One den 11. april 2017 og til Nintendo Switch den 14. desember 2017. Spelet handlar om kameleonen Yooka og flaggermusa Laylee, som skal stoppe Capital B frå å absorbere all litteratur og gjere det om til profitt. Ein versjon av Yooka-Laylee var under utvikling til Wii U, men vart meldt kansellert i desember 2016.[1]

Yooka-Laylee gjekk under prosjektnamnet «Project Ukulele» og tittelen er eit ordspel på instrumentet ukulele. Spelet bruker spelmotoren Unity og er utvikla av Playtonic Games, ei gruppe av spelutviklarar som tidlegare har arbeidd i spelselskapet Rare i Nintendo 64-æraen. Det vart finansiert gjennom Kickstarter i 2015 og er ein andeleg oppfølgjar til Banjo-Kazooie og Banjo-Tooie.[2]

Ein spin-off, Yooka-Laylee and the Impossible Lair, vart utgjeven den 8. oktober 2019.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Yooka-Laylee cancelled for Wii U due to "unforeseen technical issues"». Eurogamer. 13. desember 2016. Henta 17. oktober 2020. 
  2. «Andeleg oppfølgjar til Banjo-Kazooie knuser Kickstarter-mål». Gamer.no. 1. mai 2015. Henta 17. oktober 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]