Yousaf Raza Gillani

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yousaf Raza Gillani
urdu يوسف رضا گیلان

Statsminister i Pakistan
Periode28. mars 2008-no
PartiPakistans folkeparti
Fødd9. juni 1952 i Karachi i Pakistan
FødestadKarachi
EktefelleFauzia Gillani
BarnSyed Makhdoom Abdul Qadir Gillani
  • Ali Qasim Gillani
  • Ali Musa Gillani
  • Ali Haider Gillani
  • Fiza Gillani

Yousaf Raza Gillani (fødd 9. juni 1952) er ein pakistansk politikar som varstatsminister i Pakistan frå 2008 til han blei avsett av den pakistnaske høgsteretten i 2012.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Makhdoom Syed Yousuf Raza Gillani var fødd i Karachi og seinare busett i Multan i Panjab. Han kjem frå ein viktig sjiafamilie i området. Gjennom faren skal han stamma frå Syed Musa Pak, ein andeleg leiar i Multan som opphavleg kom frå den iranske provinsen Gilan.

Gillani blei utdanna ved La Salle High School i Multan. Han fekk graden Bachelor of Arts i 1970 og Master of Arts i journalistikk frå University of the Punjab i 1976.

Yousaf Raza Gillani er gift med Fauzia Gillani. Han har fire søner (tre av dei trillingar) og ei dotter.[1]

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Yousuf Raza Gillani byrja driva med politikk etter at faren døydde i 1978, under unntakstilstanden innført under general Zia-ul-Haq. Han blei med i Pakistan Muslim League, og kom etterkvart inn i sentralkomiteen til partiet. Under den treårige regjeringa til Muhammad Khan Junejo var han med i regjeringa, som Minister of Housing and Works frå april 1985 til januar 1986 og jernbaneminister frå januar 1986 til desember 1986.

Frå 1988 har Gillani vore med i Pakistans folkeparti (PPP). I Benazir Bhutto si regjering frå 1988 til 1990, var Gillani igjen minister: Turistminister frå mars 1989 til januar 1990 og Minister of Housing and Works igjen frå januar 1990 til august 1990.

Under Benazir si regjering frå 1993 til 1996 blei Gillani vald som president i nasjonalforsamlinga i Pakistan, som han var fram til februar 1997. Han har også vore vald som parlamentsmedlem fleire gonger som representant for Multan.

Fengsel[endre | endre wikiteksten]

11. februar 2001 blei Yousaf Raza Gillani arrestert på grunn av mistanke frå National Accountability Bureau (NAB), regjeringa sitt antikorrupsjonsbyrå, etter påstandar om misbruk av makt mens han var president i nasjonalforsamlinga. Gillani blei skulda for å ha leigd inn så mange som 600 personar frå sitt valdistrikt, og skaffa dei offentlege jobbar.[2] NAB hevda at Gillani med dette sørgde for tap på 30 millionar rupiar årleg.[3] Han blei dømd av ein antikorrupsjonsrett danna av president Pervez Musharraf og sat nesten seks år i fengsel.[4]

Rettssaka blei oppfatta av mange som politisk motivert. PPP var i opposisjon til president Musharraf, som hadde lagt ut på ein kampanje for å få partimedlemmer til å skifta side. Gillani slapp fri 7. oktober 2006. Han nekta for at lauslatinga var ein del av avtalen mellom PPP og militærregimet, sjølv om den opphavlege straffa var på 10 års fengsel.[5]

Statsminister[endre | endre wikiteksten]

Gillani i møte med den amerikanske utanriksministeren Hillary Rodham Clinton i Islamabad hausten 2009.

I Parlamentsvalet 2008 slo Gillani leiaren for PML-Q Sikandar Hayat Bosan. Dei to største partia Pakistan Peoples Party og Pakistan Muslim League (N) blei etter møte mellom Asif Ali Zardari og Nawaz Sharif den 21. februar einige om ein felles plattform for å danna ei ny regjering saman.[6] 9. mars skreiv dei under på ein avtale som fastsette samansetjinga av ein koalisjonsregjering der PPP fekk statsministertaburetten.[7] Gillani blei nominert som statsminister av koalisjonspartia den 22. mars 2008.[8] 24. mars blei han vald av Pakistan si nasjonalforsamling til ny statsminister med overveldande fleirtall.[9] Dagen etter byrja han i stillinga.[10] Då Gillani fekk stillinga kom han med fleire lovnader for dei første hundre dagane ved makta, som å innføra ein lov om informasjonsfridom, senka offentleg pengebruk på parlamentet og folkevalde, forbetra vatningskanalar, innføra eit felles pensum for koranskular, få til avtalar med stammefolk og forhandla med ekstremistar som er villige til å 'velja den fredelege vegen'.

3. september 2008 blei Gillani utsett for eit attentatforsøk då ukjende gjerningsmenn skaut mot kortesjen hans nær Rawalpindi.

Ved utgangen av 2008 blei Gillani vald som ein av årets pakistanarar i ei internettavstemming halden av The Financial Daily.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dawn: 'Would-be premier: a profile', 23. mars, 2008
  2. Jane Perlez. 'Pakistani Party’s Leader Chooses a Prime Minister' The New York Times. 22. mars 2008
  3. Muhammad Najeeb. 'Top PPP leader held for graft' Tribune India, 12. februar 2001
  4. 'Gillani convicted to 5-year RI' Dawn Newspaper, 8. juni 2002
  5. Naveed Siddiqui. 'Release not part of deal: Gillani' The Nation, 7. oktober 2006
  6. VG: Pakistanske opposisjonspartier enige om regjering, 21. februar 2008
  7. Aftenposten: Koalisjonsavtale signert i Pakistan, 9. mars 2008
  8. BBC News: PPP names choice for Pakistani PM, 22. mars 2008
  9. VG: Bhutto-medarbeider blir statsminister i Pakistan, 24. mars 2008
  10. VG: Ny statsminister innsatt i Pakistan, 25. mars 2008
  11. TFD's People of The Year, arkivert frå originalen 4. desember 2013, henta 6. mai 2010 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Yousaf Raza Gillani