Zinaida Amosova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zinaida Amosova
Verkeleg namn Зинаида Степановна Амосова
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 12. januar 1950 (74 år)
Talas District
Yrke langrennsløpar
Språk russisk
Ektefelle Vladimir Alekseevitsj Amosov

Zinaida Stepanovna Amosova (fødd 12. januar 1950) er ein russisk tidlegare langrennar som vann to individuelle gullmedaljar under Ski-VM 1978 og OL-gull i stafett i 1976. Ho tevla for Sovjetunionen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Amosova, som var fødd på eit kolkhoz i Zjambyl oblast i den dåverande sovjetrepublikken Kasakhstan, markerte seg fyrste gongen då ho vart nummer to på 10 km i Lahti-spelen i 1973. Året etter kom ho på åttandeplassen på 5 km ved Ski-VM 1974 i Falun. Under Vinter-OL 1976 i Innsbruck gjekk ho inn til sjetteplass i begge dei individuelle øvingane, før ho gjekk andreetappen for Sovjetunionen sitt vinnarlag i 4 x 5 km stafett, dei andre på laget var Nina Balditsjova, Raisa Smetanina og Galina Kulakova.

Under Ski-VM 1978 i Lahti vart Amosova verdsmeister både på 10 km og 20 km, ganske få sekundar framom landskvinner, høvesvis Smetanina på 10 km og Kulakova på 20 km. Dei sovjetiske kvinnene var store favorittar i 4 x 5 km stafett, men her måtte Amosova og lagkameratane nøye seg med bronse etter Finland og Aust-Tyskland. På 5-kilometeren vart Amosova nummer seks.

Amosova fekk ikkje delta i noko tevling under Vinter-OL 1980, derimot fekk ho endå ein sjetteplass då 20 km vart arrangert som eiga VM-øving i Falun seinare i 1980-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.