Zinetula Biljaletdinov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Zinetula Biljaletdinov

Zinetula Kajdarovitsj Biljaletdinov (fødd 13. mars 1955) er ein sovjet-russisk tidlegare ishockeyspelar og -trenar frå Moskva. Han var forsvarsspelar på Sovjetunionen sitt landslag som i tida 1978-86 vann seks verdsmeisterskap og i 1984 sigra i den olympiske ishockeyturneringa i Sarajevo. Biljaletdionov var landslagssjef for Russland frå 2011 til -14.

Biljaletdinov spelte på Dynamo Moskva frå 1973 til 1988, eit lag som i hans tid enda på andreplassen i Sovjet-serien heile sesongar. Perioden 1978-87 vann han årleg medalje i anten verdsmeisterskap eller olympiske leikar. Såleis vart han verdsmeister 1978-79, 1981-83 og 1986. Han fekk OL-sølv i 1980 og gull i Vinter-OL 1984, dessutan bronse i VM 1985 og sølv i VM 1987.

Etter han la opp som spelar arbeidde Biljaletdinov som ishockeytrenar. Omframt Dynamo Moskva har han hatt oppdrag for lag i Canada, USA, Sveits og i heimlandet. Han var Russlands landslagssjef i 2004 og åra 2011-14. I 2012 leidde han landslaget til suveren siger i Ishockey-VM i Helsinki.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]