Zoubia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zoubia
landsby
Land  Jordan
Guvernement Irbid guvernement
Kart
Zoubia
32°25′50″N 35°46′30″E / 32.430555555556°N 35.775°E / 32.430555555556; 35.775
Wikimedia Commons: Zoubia

Zoubia (òg skrive Zubia eller Zubya) er ein landsby i Jordan med eit folketal på kring 7000. Han ligg nordvest i landet i Irbid guvernement. Zoubia er kjend for dei store eikeskogane og fjella.

Gjennom det meste av historia har innbyggjarar i Zoubia drive med jordbruk. Dei viktigaste avlingane er oliven, druer og fiken, medan somme bønder fokuserer på sesongbaserte avlingar som kveite, bygg, linser og tomater. Landsbybuarane har òg dyrehald med kyr, sauer og hestar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]